Hopp til innhold

Fylkesmannen provosert over rapport - har skrive fem sider langt krast brev

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er provosert over rapporten som er skriven om kor det nye valdirektoratet skal ligge. No langar Anne Karin Hamre ut i eit fem sider langt brev.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

PROVOSERT: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner rapporten inneheld fleire faktiske feil og vurderingar som provoserer.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Leikanger er ein av fleire aktuelle plassar som kan få mellom 15 og 20 nye statlege arbeidsplassar. Jobbane er knytt opp til ei ny statleg valeining som skal ha ansvaret for å gjennomføre vala i Norge.

Men ein rapport frå konsulentselskapet Oslo Economics konkluderer med at det nye direktoratet bør liggje i Groruddalen og ikkje i Leikanger.

Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane meiner analysen inneheld ei rekkje faktafeil og vurderingar som provoserer.

– Dette råkar ikkje berre Leikanger, men også fleire andre kompetansemiljø rundt om kring i distrikta.

– Det er ei haldning om at det er vanskeleg å rekruttere kvalifisert personell til slike stader, og det er eit bilete vi ikkje kjenner oss att i, seier Hamre til NRK.no.

Rapporten vrakar Leikanger

Regjeringa vurderer om dei skal opprette ei ny statleg forvaltningsgrein som skal få ansvaret for avvikle vala i Norge. Leikanger er ein av fleire aktuelle plassar som kan få desse 15 – 20 arbeidsplassane.

Men i ein konsulentrapport frå Oslo Economics i haust blir Leikanger vraka. Dei tre plassane som vart greidde ut var Brønnøysyndregistra i Brønnøysund, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i Tønsberg og Direktoratet for forvaltning og IKT – DIFI – på Leikanger.

I tilrådinga er Oslo Economics klare på at dei meiner alle distriktskandidatane, Tønsberg, Brønnøysund og Leikanger, bør vrakast. Og det til fordel for Groruddalen i Oslo.

Tidlegare kommunalminister Liv Signe Navarsete var blant dei som meinte rapporten ikkje var god nok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leikanger

40 KILOMETER: I rapporten blir det hevda at det er 40 kilometer mellom Leikanger og Sogndal, medan det i realiteten er 20 kilometer, peikar Anne Karin Hamre på i brevet.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Fleire faktiske feil i rapporten

Og no tek også Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eit oppgjer med rapporten. Fem sider med kritiske merknader til rapporten er no sendt til Kommunal- og regionaldepartementet.

– Vi meiner rapporten gir eit sterkt misvisande bilete av kompetansemiljøet i Leikanger og Indre Sogn, seier Hamre.

Ho viser til at Oslo Economics har sett på Leikanger isolert, utan å setje Leikanger inn i den langt større bu- og arbeidsmarknaden kommunen er ein del av.

– Dette er ein bu- og arbeidsmarknad som har brei og stabil kompetanse, seier Hamre og held fram.

– Det er fleire faktiske feil i rapporten. Det blir mellom anna hevda at avstanden mellom Leikanger og Sogndal er 40 kilometer, medan den i realiteten er den halve.

– Det blir også hevda at Difi er den desidert største arbeidsplassen i Leikanger, og det stemmer heller ikkje, seier fylkesmannen.

Ho legg ikkje skjul på at rapporten har ført til diskusjonar.

– Ein del av det som står i rapporten er nesten provoserande, seier Hamre.

Meiner konsulentane har tøygd grensene

Fylkesmannen viser til retningslinjer som seier at nye statlege etatar skal leggjast ut av Oslo eller i Groruddalen.

Men Oslo Economics har hatt vanskar med å finne ein statleg etat i Groruddalen som det nye valdirektoratet kan samlokaliserast med og har difor tøygd grensene, meiner Hamre.

– Ein har innført eit nytt omgrep som blir kalla randsona til Groruddalen. Det er ikkje ute i marka eller i Lørenskog, randsona er då bydelen Gamle Oslo, og ein av etatane, Skattedirektoratet som ligg på Grønland.

– Det vil eg seie ligg veldig sentralt i Oslo, seier Hamre.

Tilbakeviste innvendinga allereie i haust

Allereie i september starta ordførar Olav Lunden mobiliseringa for at Leikanger skulle kapre eit nytt valdirektorat.

Han tilbakeviste då, det som skulle bli ei hovudinnvending mot Leikanger-alternativet i konsulentrapporten, nemleg at det er krevjande å rekruttere fagfolk.

– Det var nok ein viss skepsis då vi starta på Difi-utviklinga, men det gjekk greitt å skaffe fagfolk. Det var greitt å få folk til å etablere seg, og det er stabile miljø, sa Lunden til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Tore Sanner

HAR IKKJE TEKE STILLING: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har førebels ikkje teke stilling i saka.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Vil ikkje kommentere kritikken

Erik Magnus Sæter, partnar i Oslo Economics, ønskjer ikkje å kommentere kritikken frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane direkte, men seier dei har greidd ut kostnadane og risikoen ved å flytte dagens miljøet vekk frå der dei er lokaliserte i dag.

– Politikarane skal i tillegg vurdere dei politiske betydningane av at statlege institusjonar er spreidde rundt i landet, og betydninga dette har for dei stadane der arbeidsplassane blir lokalisert.

– Dette er ting som ikkje er behandla i rapporten, seier Sæter.

På bordet til Jan Tore Sanner

Det var den raudgrøne regjeringa som starta arbeidet med å sjå på ei ny, uavhengig valeining.

Tidlegare kommunalminister Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet fekk ikkje avgjort saka før ho i oktober måtte overlata statsrådskontoret til Jan Tore Sanner frå Høgre.

Sanner har ikkje teke stilling i saka, og departementet ønskjer ikkje å kommentera innhaldet i det kritiske brevet frå Fylkesmannen.