Fylkesmann-avgjerd kan kome fredag

Framtida til Fylkesmannen blir avgjort på fredag. Det melder porten.no. I Sogn fryktar dei at fleire hundre statlege arbeidsplassar vil gå tapt, om dei mister fylkesmannen som ei følgje av samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland.I intensjonsavtalen mellom fylka står det at Fylkesmannen skal ha kontor både på Leikanger og i Bergen, men at leiinga skal halde til i Sogn. Det er opp til departementet å bestemme om det vert slik.