Hopp til innhold

Slutt for Fylkesmagasinet – gratisavisa vert lagt ned etter fjorten år

I dag kjem utgåve nummer 185 av Fylkesmagasinet. Det blir òg den siste.

Vemodig farvel med Fylkesmagasinet

SISTE UTGÅVE: Redaktør Roy Sunde (t.v.) og eigar Tore Fossen framfor det som blir den siste utgåva av Fylkesmagasinet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Gratisavisa, som kjem ut i Førde, går i dag ut til alle husstandar i fylket og har eit opplag på 44.000 eksemplar.

– Fylkesmagasinet seier takk og farvel på nummer 185, fortel redaktør Roy Sunde.

Nyhenda kjem samstundes som det har blitt klart at dei fleste lokalavisene i fylket slit med fallande opplag og annonseinntekter. Det siste er òg bakgrunnen for at Fylkesmagasinet legg ned.

Lanserer planar om ny avis

Tore Fossen, som eig Fylkesmagasinet saman med Ole Jonny Klopstad, seier dei ikkje lenger får økonomien til å gå rundt.

– Alle avisene har sett at papirannonseringa har gått tilbake dei siste åra, det har òg ramma Fylkesmagasinet. Vi ser at det ikkje lenger er grunnlag for å gje ut ei slik avis til alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier han.

Same dag som nedlegginga vart kjend, lanserer dei planane for ei nytt produkt. I tråd med tida vil det bli ei sterkare satsing på nett, samt at nedslagsfeltet blir noko redusert.

– Det blir ikkje fylkesdekkande i denne omgang. Det blir eit papirprodukt, men vi kjem til å kombinere det mykje tettare opp mot nett. Vi må gå den vegen vi òg, som alle andre, seier Fossen.

Gravøl

Nedlegginga viser kor store endringar som er i ferd med å skje i bransjen, sjølv om den digitale tidsrekninga har gjort sitt inntog for lenge sidan. Annonsørane ser i aukande grad etter alternative kanalar å bruke annonsekronene.

– 2013 var det beste året vi nokon gong har hatt. 2014 var noko svakare, men framleis eit godt år. Men i år var det seigt, seier Sunde.

Dei tykkjer begge det er vemodig å leggje ned avisa etter fjorten år. Dei har møtt mykje kjekke menneske, og fått både ris og ros av lesarane undervegs.

– Når vi hadde laga den siste utgåva og eg hadde kome heim og sett meg i sofaen, så måtte eg berre reise meg att og hente ei øl og ta ei form for gravøl, seier Fossen.

No håpar dei den nye avisa skal ta noko av arven vidare.

– Vi har ikkje tenkt å legge oss ned og la papiravisene døy ut med oss, seier Sunde.