NRK Meny
Normal

Allkunne tek over NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane

Det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne tek over NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane med om lag 7000 artiklar og over 14000 bilete.

Fylkesleksikon

HELD FRAM: Fylkesleksikonet vil framleis vere å finne på nettet, men NRK overlet no konseptet til oppslagsverket Allkunne.

Foto: Skjermdump

NRK Sogn og Fjordane har sidan 2001 arbeidd med faktainformasjon om fylket. Det aller meste av stoffet er skrive av Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen, og NRK har halde stoffet oppdatert heilt til no.

Kai Aage Pedersen

NØGD: Distriktsredaktør Kai Aage Pedersen er glad for å sjå at fylkesleksikonet får leve vidare.

Foto: Rune Fossum / NRK

Heile leksikonet er no publisert på www.allkunne.no og er gratis tilgjengeleg.

– Vi er svært glade for at fylkesleksikonet lever vidare. Allkunne har leksikon som spesialfelt og vil sikre at dette materialet blir oppdatert og utvikla til beste for publikum, seier distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Stolte over tillit

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm

STOLT: Lodve Solholm er styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Foto: Anders Aanes / Ivar Aasen-tunet

NRK gir no frå seg materialet for å konsentrere seg om eigne prioriterte oppgåver.

– NRK har gjort framifrå arbeid med fylkesleksikonet. Vi har forplikta oss til å føre vidare den høge kvaliteten på artiklane, og vi er stolte over den tilliten NRK viser oss ved denne overføringa, seier styreleiar Lodve Solholm i Allkunne AS.

– No skal vi oppdatere og vidareutvikle dette rike stoffet, legg han til.

Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane inneheld artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.