NRK Meny
Normal

Økonomirotet i Frp: - Eg gjorde berre det fylkesstyret hadde bestemt

Fylkesleiaren i Frp sat med bukta og begge endar då han bokførte og utbetalte sine eigne rekningar.

Frank Willy Djuvik

TOK OPP PROBLEMET: Avgått fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp seier han lufta med fylkeslaget problematikken rundt sin eigen habilitet då han godkjende og utbetalte sine eigne reiserekningar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ein litt kinkig situasjon. Det er fylkesstyret som har vedteke at eg skulle ha ein rekneskapsfunksjon og den som tar imot faktura, betaler og bokfører dei, seier avgått fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Det var Dagbladet som i helga skreiv at ein revisjonsrapport peika på rotete rekneskapsrutinar i Sogn og Fjordane Frp – ved mellom anna manglande kvitteringar frå reiser. I går avviste Djuvik kritikken overfor NRK ved å vise til at han vart sverta i ei personkonflikt i partiet.

Tok opp den vanskelege situasjonen

– Eg har ikkje vore heilt bekvem med at fylkesstyret har bestemt at eg skulle sitte med den funksjonen, og difor er eg veldig fornøgd med at vi har tatt inn ekstern bokføring, seier Djuvik.

I revisjonsrapporten, skriv revisor følgjande: «Det er kritikkverdig at ein stor del av utbetalingane som er gjennomført av fylkesleiaren, går til han sine reisekonstnader og anna godtgjersle» og «..Konsekvensen er at fylkesleiar etter kvart at blitt sittande med alle kontrollfunksjonane; han har tatt i mot fakturaene, gjennomført betaling og stått for bokføring.»

Djuvik seier han ved fleire høve gjorde fylkesstyret merksame på at han mislikte situasjonen.

– Vi hadde diskusjonen oppe ved fleire høve. Det var fleire grunnar til at eg tok det opp, blant anna er det tidkrevjande.

Skulle spare ressursar på revisjon

Djuvik seier han fekk rekneskapsfunksjonen fordi fylkeslaget på den måten sparte ressursar på administrasjon.

– Dermed vart det opp til frivillige å handtere det vi etter lova er pålagde å gjere. Det er viktig for oss å ha rekneskapssfunksjonar der vi følgjer lover og reglar. Til det treng ein litt kunnskap og tid til, og difor valde fylkesstyret at fylkesleiar-vervet skulle gjere jobben.

– Men ringde det ingen bjøller då du fann deg sjølv kontrollere og gjennomføre betalingar av eigne fakturaer, at dette kunne sverte ditt omdømme ?

– Jo, men det er mange andre organisasjonar som har dei same rutinane som vi har praktisert. Det betyr ikkje at vi ikkje har hatt kontroll. Vi har jo hatt både budsjett, rekneskap og gjennomgangar slik at alle har kunne sjå kva pengane vart brukte til.

Ingen lovbrot

Djuvik viser til at det ikkje var andre i fylkesstyret som kunne ta ansvaret med å ha rekneskapsfunksjonen, og at problemstillinga rundt gode rutinar er blitt løfta fleire gongar. Likevel var det først før årets fylkesårsmøte at kontrollrutinane vart lagt om.

– Eg har berre utført etter det regelverket fylkesstyret har vedteke.

Deloitte konkluderer med at rekneskapen «i all vesentlegheit er rimeleg korrekt» og trass i mangel på kontroll, så har dei ikkje funne vesentlege feil i rekneskapen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.