Avlyser nominasjonsstrid i Arbeidarpartiet

Fylkesleiar Hilmar Høl har ei klar melding til sine undersåttar i Ap: – Ikkje set meg på topp på stortingslista!

Hilmar Høl på talarstol

VIL IKKJE PÅ TOPP: Fylkesleiar Hilmar Høl ber partiet om å ikkje nominere han på toppen av stortingslista. Han vil heller ha ro, enn stortingsplass.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sogn og Fjordane Høgre vraka sin sitjande stortingsmann førre helg. I Ap vil fylkesleiaren unngå det same. Sjølv om han dermed må legge vekk sine eigne ambisjonar.

Ingrid Heggø

BLIR SITJANDE: Ingrid Heggø er samrøystes innstilt som toppkandidat. Og kan trygt sjå fram til ein fjerde periode på Stortinget.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ingrid Heggø har sete tre periodar på Stortinget. Og vil ha ein fjerde.

– Det har aldri vore aktuelt for meg å ta ein kamp mot Ingrid. Eg har jobba tett på henne, og ser kor hardt ho jobbar for partiet, seier fylkesleiar Hilmar Høl.

– Kva har du å seie til dei i partiet som verkeleg ønskjer deg på topp?

– Dei må jo høyre på meg også, av og til.

Sprikande stortingsliste

Då nominasjonsnemnda i partiet hadde sitt fyrste endelege framlegg til stortingsliste i slutten av september, såg det spennande ut. To av dei sju i nemnda ville ha Hilmar Høl på topp. Vidare var det sprikande dissensar på alle dei fem øvste plassane.

Då gav Høl beskjeden internt, som han gjentek no: ikkje set meg på topp!

Dermed tok nemnda eit nytt møte, og la fram sitt endelege, endelege framlegg.

Tapte mot «Barack Obama»

– Slik det ligg an i dag, har Ingrid ein overveldande tillit frå fleirtalet av partilaga. Eg kan jo telje. Og eg ser kva kamp eg måtte ha teke for å få førsteplassen, seier Høl.

For Høl har kjent på tap tidlegare. Han kalla nominasjon for noko svineri i 2008 då han tapte kampen om andreplassen mot Tor Bremer, som vart kalla Hafslo sitt svar på Barack Obama (!).

– Eg har tapt ein nominasjonskamp tidlegare med nokre usle mandat. Om eg skulle tatt ein kamp mot Ingrid no (og tapt, journ. merk.), ville mi politiske framtida vore utviska for alltid.

Arne Johannsen på talarstolen til Arbeidarpartiet

VEKTE OPPSIKT: I fjor debuterte Arne Johannessen på landsmøtet til Arbeidarpartiet. I haust gjekk lokallaget hans inn for å vrake Ingrid Heggø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Luster ville vrake

Luster Arbeidarparti er det nest største lokallaget i fylket. Det vekte oppsikt at dei vraka Ingrid Heggø, og spelte inn Hilmar Høl to gonger i nominasjonsprosessen. Lokallagsleiar Arne Johannessen forklarar kvifor.

– Heggø har gjort ein god jobb i tre periodar. Men av og til kan det vere godt å stoppe opp og sjå om det er tid for endring og fornying. Ingen har klippekort på topplassen.

På nominasjonsmøtet i Sogndal i helga, vil Johannessen ha ein debatt om denne nominasjonsprosessen og korleis det bør vere i framtida.

– Luster Ap ønska ein open og god diskusjon om alternativ. Hilmar er ein god kandidat med grundig erfaring som fylkesleiar, fylkespolitikar og fagforeiningsmann.

Fekk de den opne diskusjonen de ønska?

Nei, det kan vi ikkje seie. Det verka som det vart fort avslutta. Og det bidrog Hilmar Høl sjølv til, seier Johannessen.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø tykkjer det er greit at Høl gir klar beskjed.

– Då slepp vi opprivande ting som dei hadde i Høgre. Når det er sagt, så er det lov å ta opp diskusjonen sjølv om ein sitjande stortingsrepresentant stiller seg til disposisjon for ein ny periode, seier Heggø.