Hopp til innhold

Fylkesleiar i Ap går for nedlegging

Nils P. Støyva som er fylkesleiar i Arbeidarpartiet vil gjere lokalsjukehusa om til lokalmedisinske senter.

Nils P. Støyva

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet Nils p. Støyva. Er også ordførar i Stryn, og styremedlem i Helse Førde.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fylkesleiaren har tidlegare vore forsiktig med å flagge syn i saka, men vedgår no at han er samd med dei i partiet som vil ta vekk akutt og føde frå Nordfjord og Indre Sogn.

- Såg ingen annan utveg

Støyva var ikkje tilstaden under sjølve fylkestingsavrøystinga denne veka, men er klar på at han ville røysta for lokalmedisinske senter.

- Eg synst det er ei vanskeleg sak, men når Helse Førde manglar 150 millionar kroner, så må ein gjere noko. Eg såg ikkje noko annan utveg, seier Støyva.

Bråket kring sjukehusa får fram svært sterke motsetningar i Sogn og Fjordane Ap. No flaggar endeleg fylkesleiaren syn i media og seier han ville gått inn for to lokalmedisinske senter på Nordfjordeid og i Lærdal.

Jobba for utvida funksjonar ved lokalsjukehusa

Støyva var til stades under første dag av Fylkestingsmøtet i Sogndal denne veka. Han seier at han i tillegg til å støtte Helse Førde også jobba for at Eid og Lærdal skulle få nokre utvida funksjonar.

- Eg stilte spørsmål om det var grunnlag for sengepostar, mellom anna på lokalsjukehusa, seier Støyva.

Støyva har fleire roller

Få har fleire hattar på seg i sjukehusstriden enn nettopp Støyva.

I Nordfjordrådet i går gjekk han som ordførar i Stryn inn for at Nordfjord framleis skal ha akutt og fødetilbod. Stikk i strid med kva han meinte i fylkestinget.

- Mitt synspunkt som ordførar i Stryn, er det som eg no var med på å sende til mitt formannskap. Der sa vi også noko om lokalsjukehus og sentralsjukehus. Det er det som er ordføraren i Stryn si rolle, forklarar Stryn.

Som styremedlem i Helse Vest vil han derimot ta med seg forskjellige syn.

- Det er klart eg har med meg ein basis både frå kommunen og det politiske partiet inn i dette arbeidet. Men der er eg ein frittståande medlem, og kva ein skal ta stilling til der det veit ein ikkje endå. Det får vi ta når vi får sakspapira, seier Støyva.

Trur partiet taper

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy som også er Arbeidarpartipolitikar trur partiet no tapar stort på sjukehusstriden

- Eg trur Sogn og Fjordane AP skal få merke at dette ikkje er ei god sak for dei.