Hopp til innhold

Fylkeslegen vurderer tilsyn etter dødsfallet i Florø

Fylkeslegen er i dialog med Flora kommune og vurderar om dei skal opne tilsyn mot kommunen.

Mann funnen død i kommunal bustad i florø

FANN DØD MANN: I ein kommunal bustad i dette bygget fann politiet ein død mann som truleg har lege der i minst ein månad før det blei oppdaga.

Foto: Malene Indrebø-Langlo / Firdaposten

Ein mann i 60-åra vart fredag funnen død i ein kommunal bustad i Florø. Truleg har han lege der i ein månad utan at nokon har visst om det. Kommunen vedgår at dei har hatt ein rutinesvikt.

– Eg er ikkje kjend med kvifor dette har skjedd, men det er klart at det er uheldig at det skjer svikt. Det at ein finn ein person død i ein kommunal bustad og det kan sjå ut som han har vore død lenge er trist, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

Vurderer tilsyn

Jacob Andersen

KRITIKKVERDIG, MEN VANSKELEG: Assisterande fylkeslege, Jacob Andersen, vil samle inn informasjon om omstenda rundt dødsfallet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

To gonger i månaden har mannen fått tilsyn av tilsette i kommunen, men då personen som utførte tilsynet vart sjukemeld i mai, vart det ikkje sett inn ein ny person til å utføre oppgåva. Fylkeslegen har vore i kontakt med kommunen, men kjenner ikkje detaljar i saka.

– Det er alltid kritikkverdig når det skjer svikt som potensielt kan få alvorlege følger. Så det vil vi naturlegvis vil følge opp, seier Andersen.

Fylkeslegen vil no få samla inn informasjon om omstenda rundt dødsfallet, for å avgjere kva ein skal gjere vidare.

– Vi skal i tida framover ut ifrå dei opplysningar vi får frå kommunen og andre kjelder vurdere om det er grunnlag for å opprette tilsyn mot Flora kommune, fortel den assisterande fylkeslegen.

Ein balansegang

Kommunalsjef for helse og omsorg i Flora kommune, Norunn Stavø, sa til NRK måndag at mannen i 60-åra som budde aleine ikkje ønskte hjelp frå kommunen. Så lenge mannen ikkje var umyndiggjort var det lite kommunen kunne gjere når han ikkje ville sleppe dei inn, sa Stavø,

– Ein har sjeldne saker der personar ønskjer færre tenester enn det kommunen meiner dei har rett på. Det blir naturlegvis vanskeleg å vurdere i kva grad kommunen skal tvinge seg fram for å hjelpe, seier Andersen.

Samstundes som Andersen meiner det er kritikkverdige forhold rundt tilsynet med mannen i 60-åra, forstår han at det kan vere vanskeleg å balansere kor langt ein skal strekke seg for å yte hjelp.

– Det er ein balansegang mellom heile tida å vere på tilbodssida, og samstundes må ein respektere at folk ikkje er, og etter mi meining, ikkje skal vere like. Nokre menneske ønskjer å leve meir isolert, og besøk frå kommunen kan oppfattast som overvaking, seier Andersen.

Viktig å gjennomgå rutinane

Pasient- og brukerombud i Møre og Romsdal

SVIKT I RUTINANE: Fungerande pasientombod, Runar Finvåg, meiner det er beklageleg at det må eit dødsfall til for at kommunen skal gå gjennom rutinane sine.

Foto: Kristin Mehlum / NRK

Fungerande pasientombod, Runar Finvåg, meiner det er vanskeleg å seie noko om kor alvorleg hendinga er, men seier det er djupt tragisk.

– Det er ikkje bra at det skjer svikt i rutinane til kommunen, men det er bra at dei legg seg flate og vil rydde opp i denne saka. Det er viktig at dei får gått grundig gjennom rutinane sine, seier han.

Finvåg seier det er beklageleg at det må ei slik hending til for at kommune går gjennom rutinane sine, men at det er vanskeleg å finne eit svar på korleis ein skal opptre viss personar ikkje vil ta imot hjelp.

– Så lenge ein person er samtykkekompetent så har ein lov til å seie nei til å få hjelp frå helsetenesta og kommunen. Det ser vi skjer frå tid til annan, og dette er nok diverre tragiske hendingar som skjer igjen, fortel han.