Hopp til innhold

No vil fylkeslegen ha tilsynssak også mot Nordfjord legevakt

Fylkeslegen vil granske Nordfjord legevakt etter at ein rusa dansk vikarlege ikkje vart teken av vakt.

Jacob Andersen

REISER TILSYNSSAK: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen seier folk har krav på fagleg forsvarleg behandling.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Dansken, som sjølv har vedgått at han var rusa på jobb, arbeidde 24 timar i strekk. Dette gjorde han, trass i at det tidleg hadde kome inn ei rekkje klager mot han.

Det er alvorleg dersom legevakta ikkje har eit system som fangar opp at ein legevaktslege er rusa, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

– Vi har no så mange opplysingar som tilseier at vi også må reise ei generell tilsynssak mo legevakta i Nordfjord. Saka er alvorleg.

Fekk halde fram trass i fleire klager

Alt då den danske vikarlegen var på opplæring ved Nordfjord legevakt i slutten av januar i år oppførte han seg merkeleg, og det lukta alkohol av han. Vikarlegen greidde mellom anna ikkje å ta til seg informasjon, heiter det i eit skriv frå fylkeslegen.

Og det skulle bli verre. Under sjølve vakta undersøkte han mellom anna ikkje skikkeleg ein pasient som tidlegare på natta hadde truga med å ta livet sitt.

Det kom inn ei rekkje klager mot legen, om at han lukta alkohol, var sløv og irritababel. Trass i dette fekk han halde fram i vakta heilt til søndag morgon, då han likevel skulle gå av vakt.

Nordfjord Sjukehus

TILSYNSSAK: Fylkeslegen vil reise tilsynssak mot Nordfjord legevakt, som held til på Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Fagleg forsvarleg behandling

Det er reist tilssynssak mot legen. No vil fylkeslegen også granske legevaktsentralen gjennom ei tilsynssak, seier Andersen.

– Vi gjer det dels for å undersøke om legevakta faktisk har rutinar som sikrar at pasientane kan vere trygge på å få ei fagleg forsvarleg behandling, og dels for å gjere det mogeleg for helsepersonell å kome med ein uttale til saka.

Rune Engeset, leiar for den interkommunale legevakta på Nordfjordeid, seier han tek til etterretning at legevakta no er under gransking. I går la han seg flat for måten legevakta har handtert saka på.

– Vi har ikkje gjort ein god nok jobb i denne saka. Det kan det ikkje vere det minste tvil om.

Andersen seier det er viktig å finne ut kva som har svikta ved legevakta for å få innført naudsynte forbetringstiltak.

– Pasientar som oppsøkjer helsevesenet i Norge har krav på fagleg forsvarleg behandling.


Dersom det skulle oppstå nye tilfelle der det er mistanke om at helsepersonell er rusa på jobb, vil det straks bli sett inn tiltak, lovar Engeset.

Den danske vikarlegen kan per i dag ikkje jobbe i Norge, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.