Fylkeslegen meiner ein konsekvens av dette er at Sogn og Fjordane ikkje treng ein eigen rusverninstitusjon.
Fylkeslege Petter Øgar.
- Desse pasientane er ei svært samansett gruppe. Det er ikkje sikkert ein felles institusjon er det beste for desse, seier fylkeslegen. Han meiner også at pasientane må ha nær tilknyting til psykiatrien, sidan mange av desse pasientane også har psykiske lidingar.
Frå fylket til Staten
Frå 1. januar 2004 gjekk spesialisert behandling av rusmisbrukarar over frå å vere eit fylkeskommunalt ansvar, til å bli ei oppgåve for helseføretaka. Øgar seier rusmisbrukarar dermed har fått status som pasientar, slik at dei blir omfatta av lova om pasientrettar. Fylkeslegen trur dette på sikt vil tryggje kvaliteten på rusvernet.
Aukande problem
Og Helse Vest fekk dermed eit aukande problem i fanget, til dømes brukte Sogn og Fjordane Fylkeskommune 40% meir på rustiltak i 2003 enn året før. Men sjølv om Helse Vest si lommebok ikkje fløymer over av pengar, trur Petter Øgar altså at overgangen vil vere eit skritt i rett retning for rusvernet i Sogn og Fjordane.