Hopp til innhold

Fylkeslegen skal granske narkosvinn ved sjukehuset

Fylkeslegen har oppretta tilsynssak etter at omfattande mengder sterk narkotisk medisin forsvann frå ei avdeling på Førde sentralsjukehus.

Førde sentralsjukehus

ALVORLEG: Saker med medikamentsvinn er alltid alvorlege, og vi må følgje det opp, seier fylkeslege Per Stensland.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det har vore ei sak med medikamentsvinn ved sjukehuset i Førde. I det høve har vi oppretta tilsynssak, det stemmer, seier fylkeslege Per Stensland.

NRK fortalde i byrjinga av april at Helse Førde hadde avdekka svinn av såkalla A-preparat frå medisinrommet på ei av avdelingane på sentralsjukehuset. Dette er medisin som er sterkt vanedannande, og kan til dømes vere morfin og andre narkotiske stoff.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

FYLKESLEGE: Per Stensland

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Når det skjer svinn av medikament som er vanedannande, ønsker vi å gå inn og sjå på korleis rutinane er for oppbevaring og for behandling av medikamenta i avdelinga. Då innhentar vi opplysningar, går gjennom opplysningane og ser på dei i forhold til reglane som gjeld, seier Stensland.

Helse Førde varsla fylkeslegen

Det har tidlegare vore fleire saker i Helse Førde der tilsette med rusproblem har tileigna seg vanedannande medisinar på ulovleg vis. Denne gongen har Helse Førde berre stadfesta at medisinen er forsvunne.

Helseføretaket har i dag strenge rutinar for helsepersonell når det gjeld å hente ut sterke medisinar.

– Saka vart oppretta førre månad, og Helse Førde gjorde fylkeslegen merksame på saka før ho var i media, seier Stensland.

– Vi har allereie byrja arbeidet med å svare på fylkesmannen sin tilsynssak, og reknar med å svare på alle spørsmåla innan fristen fylkesmannen har sett, seier jurist i Helse Førde, Bård Eikset.

– Alltid alvorleg

Fylkeslegen ser generelt alvorleg på saker med svinn av vanedannande medisin.

– Slike saker er alltid alvorlege. Det kan vere snakk om at helsepersonell rusar seg på desse midlane, og det kan påverke servicen dei gir. Det kan også vere slik at det går ut over medisinar som blir gitt til pasientar som treng dei, til dømes smertestillande medisinar, seier Stensland, og legg til:

– Medikamenta er noko av den viktigaste behandlinga som blir gjeve ved sjukehus, og vi må sikre at dei kjem fram til brukarane på ein trygg måte. Difor finst det reglar på dette området som skal følgjast. Når dei ikkje er følgde og det skjer ureglementert svinn, må vi følgje det opp. Det gjer vi no.

Saka er førebels ikkje politimeld.