Hopp til innhold

Fylkeslegen meiner han er inhabil

Fylkeslegen har sjølv komme fram til at han ikkje kan vurdere klagen fylkesmannen har fått på tilbodet til Christina Flåten (17) frå Sogndal kommune.

Christina Flåten og Per Stensland

INHABIL: Fylkeslege Per Stensland skal ikkje handsame klagesaka mot Sogndal kommune om Christina-saka.

Foto: Privat

– Det kan vere aktuelt å vurdere klagesak på dei tenestene ho har fått også tilbake i tid - ikkje berre rettane hennar i framtida. Då er eg inhabil, forklarer fylkeslege Per Stensland overfor NRK.no.

Han var tidlegare fastlege for sterkt hjelpetrengande Christina Flåten, som har blitt ein kasteball mellom sjukehusa og kommunen.

Meiner han ikkje kan vere nøytral

Tidlegare kom fylkesmannen fram til at Stensland ikkje var inhabil i saka.

– Dersom ein skal vurdere dette som ei tilsynssak med tilbakeskuande auge, så er eg inhabil. Det er utvidinga av saka som gjer at eg seier meg inhabil no, seier fylkeslegen.

– Kvifor er det problematisk at du har vore fastlege for Christina Flåten?

– Der som det skal gjerast ei vurdering av tilbodet ho har fått i Sogndal kommune tidlegare, så vil min aktivitet vere ein del av dette. Eg er dermed ikkje ein nøytral vurderingsinstans, forklarer Stensland.

Fylkesmannen i Hordaland tek over

Fram til utgangen av 2010 var Stensland fastlege for Christina Flåten. No ser han det som mest ryddig å seie seg inhabil til å gå inn i vurdering av både tilbodet som er gjeve - og det framtidige tilbodet.

Fylkesmannen i Hordaland har no teke over sakshandsaminga.

Sjå TV-sak:

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

Skuldar kommunen for omsorgsvikt