NRK Meny
Normal

Får kritikk etter forsvinningsak

Årdal kommune og Melås Helse AS får krass kritikk etter at ein psykisk utviklingshemma kom vekk frå eit turfølgje og forsvann i Sogndal.

Leitar etter Christer

FORSVANN SPORLAUST: 37 år gamle Christer forsvann under ein tur til Haukåsen i Sogndal.

Foto: Privat

– Etter å undersøkt saka er konklusjonen vår at Årdal kommune ikkje har sørga for at mannen fekk forsvarleg helseteneste, seier fylkeslege Per Stensland.

I mai i år forsvann ein 37 år gammal mann under ein tur til Haukåsen i Sogndal . Mannen som var psykisk utviklingshemma, var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv. Han var ein del av eit turfølge på tre då han forsvann sporlaust.

Opna tilsynssak

Store styrkar vart sett inn i leitinga etter 37-åringen, men mannen vart ikkje funnen. Etter kvart bestemte fylkeslegen seg for opne tilsynssak både mot Årdal kommune, som er heimkommunen til mannen, og mot Melås Helse As som var den institusjonen som hadde ansvar for å gi helse- og sosialtenester til mannen.

– Vi tar til etterretning at Fylkesmannen har peika på at rutinane våre ikkje har vore gode nok. Vi har allereie diskutert korleis vi skal forbetre rutinane slik at dei er i samsvar med krava frå fylkesmannnen, seier Olve Fossdal som er rådmann i Årdal.

Fylkeslege Per Stensland seier han har bestemt seg for å sende saka mot Melås Helse As til Statens helsetilsyn for vurdering

– Når vi har gått gjennom saka, har vi funne indikasjonar på svikt av så alvorleg karakter at vi sender saka vidare til Statens helsetilsyn for vurdering av eventuelle reaksjonar, seier Stensland.

Fleire uregelmessigheiter

– I undersøkinga av denne saka har vi også sett på tilbodet til mannen også før forsvinninga, og har også funne uregelmessigheiter der. Men det er i første rekke forhold rundt denne hendinga som gjer at vi ber Statens helsetilsyn vurdere saka, seier Stensland.

Ved Melås Helse As ynskjer dei ikkje å la seg intervjue om saka.

Fagleg ansvarleg Per Steinar Melås skriv i ei pressemelding:

«Vi har motteke ein rapport der det kjem fram at saka vert vidaresendt til Helsetilsynet for vidare handsaming. Saka er unnateke offentlegheit og er under handsaming. Vi kan på bakgrunn av dette ikkje kommentere saka. Vi ynskjer å uttrykke sterk medkjensle med familien i ein særs vanskeleg og tung situasjon. Denne ulykka pregar også våre tilsette og det er ein vanskeleg situasjon for alle involverte.»

Årdal kommune har no fått frist til 1. februar med å melde tilbake til fylkeslegen om korleis dei skal betre si eiga styring med tenester som dei kjøper hjå private helseaktørar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå