Hopp til innhold

Fylkeslegen: - Nordfjord legevakt har ikkje rekruttert vikarlegar forsvarleg

– At folk i Nordfjord opplever å møte rusa lege når dei søkjer legehjelp heng ikkje på greip, seier fylkeslegen.

Per Stensland

MÅ UNDERSØKE: Fylkeslege Per Stensland seier at å gjere intervju og referansar er viktig.

Foto: Arne Stubhaug

– Vi konkluderer med at tilsettingsrutinane ved Nordfjord legevakt i ein periode frå oktober 2013 til juli 2014 ikkje var forsvarleg, seier fylkeslege Per Stensland.

I fylkeslegen sitt vedtak går det mellom anna fram at Nordfjord legevakt ikkje alltid klarte å hente inn sjølvstendige referansar på legane dei tilsette. Dermed stolte dei berre på dei ofte mangelfulle opplysningane dei fekk frå vikarbyrået.

Må ha referansar

– Det å sikre at ein gjennomfører intervju og får tak i referansar frå arbeidsgjevar som nyleg har hatt folk i arbeid er veldig viktig, seier Stensland.

Tre danske legar som tidlegare har jobba ved Nordfjord legevakt har vore under gransking frå norske helsestyrsmakter. Ein av legane er dømt for aktlaust bildrap i Nordfjord etter å ha krasja i pillerus.

Ein annan lege var rusa på jobb og har mellombels mista autorisasjonen i Norge. Den siste legen er under gransking fordi han avviste ein alvorleg hjartesjuk nordfjording, som like etterpå fall om med hjartestans.

Tar sjølvkritikk

Stensland ser alvorleg på at det er rekruttert dårlege legar.

– At folk i Nordfjord opplever å møte rusa lege når dei søkjer legehjelp i 2013 og 2014 heng ikkje på greip, seier Stensland.

Ansvarleg for Nordfjord legevakt, Kari Krogh, tek sjølvkritikk.

– Vi sjekka ikkje dei legevikarane utanom dei undersøkingane vikarbyrået gjorde. No brukar vi ikkje vikarbyrå lenger. Vi tar til etterretning det fylkeslegen seier. Det var ikkje godt nok, seier Krogh.