Hopp til innhold

Meiner Sogndal må forsterke - og ikkje svekke - vernet av trehusmiljøet

Fylkeskonservatoren er skuffa over at Sogndal kommune ikkje vil verne trehusmiljøet i Sogndalsfjøra.

Eva Moberg

SKUFFA: Fylkeskonservator Eva Moberg er oppteken av at strandsitjarmiljøet i Sogndalsfjøra blir teken vare på under eitt. – Dei er alle enkeltelement, og jo meir ein fjernar av det, jo mindre har ein tilbake av det heilskaplege miljøet. Stykkevis fjerning tykkjer vi er uheldig, seier ho.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I samband med utbygginga av Lerumstomta står fleire hus i fare for å bli rive – stikk i strid med faginstansen sitt syn på saka.

Fylkeskonservator Eva Moberg meiner Sogndal må forsterke vernet av trehusmiljøet i sentrum.

– Det er beklageleg at kommunen ikkje tek tilrådingane våre på alvor. Men det er kommunen som har sjølvstendig hovudansvar å ta vare på sine eigne kulturminneverdiar og kulturminneinteresser, seier ho.

Intakt smie

Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim i den gamle smia i kjellaren sin

GAMMAL SMIE: I kjellaren har Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim ei gammal smie med alt verktøy og utstyr intakt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Moberg er kritisk til Sogndal kommune sine planar om tilrettelegging for tre høge blokker ved strandsona i sentrum. Tre gamle trehus står i fare for å hamne utanfor bevaringsområdet – og i verste fall rive – når 150 leilegheiter blir etablert på Lerumstomta.

Mellom desse huset som Kristina Flugheim og Geir Arne Lomheim har lagt ned mykje tid og krefter for å ruste opp. I kjellaren har dei ei gammal intakt smie.

– Når vi fell ut av verneplanen, seier det seg sjølv at kommunen kan ekspropriere huset om det blir naudsynt for utbygginga. Det påverkar kvardagen vår, og vi går og er redde, sa Flugheim til NRK.

Intakt smie

Huset vert kalla Smed-Flaten, og ligg vegg i vegg med Lerum i Sogndalsfjøra

STORE PLANAR: Her ligg det såkalla Smed-Flaten-huset til Lomheim og Flugeim. Til høgre i biletet ligg Lerum.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sidan NRK skreiv om saka har bygda støtta opp om kampen og underskriftsaksjonen for å bevare huset. No får dei også støtte frå fylkeskonservatoren.

– Dette er bygningar som er viktige element i strandsittarmiljøet i Sogndal. Det er store lokalhistoriske verdiar knytt til bygningane, dei er viktige miljø- og identitetsskapande element i Sogndalsfjøra, seier Moberg.

Avgjerd på torsdag

Det er Veidekke som vil kjøpe tomta for å byggje bustadblokkene. Regiondirektør i Veidekke Eiendom AS, Pål Aglen, presiserte tysdag overfor NRK at dei ikkje har planar om å rive nabobygningane til Lerumstomta.

Men då saka var oppe i forvaltningsutvalet, gjekk politikarane samrøystes inn for den nye områdeplanen.

– Eg er kjend med alle sidene saka, og avgjerda om bevaringsområdet blir først teken i kommunestyret på torsdag, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap).