NRK Meny
Normal

Fylkeskommunen vil ha LS2017

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev Førde skyttarlag full støtte i søknaden om å få arrangere Landsskyttarstemnet 2017.

Landsskyttarstemna - standplass

STORT: Landsskyttarstemnet er skyttarane sin store årlege happening. I 2017 vil både Førde skyttarlag og Fylkeskommunen sjå det i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Arenaen på Kråkenesmarka har tidlegare husa tre Landsskyttarstemne, og fylkeskommunen meiner Det Frivillige Skyttarvesen bør gje det eit fjerde.

Førde skyttarlag Stein Mortensbakke

LEIAR: Stein Mortensbakke.

Foto: Privat

Førde skyttarlag arrangerte landsskyttarstemne i 1988, 1997 og 2008.

– Landsskyttarstemnet i 2008 er eit av dei beste landskyttarstemna som har vore. Vi håpar at også 2017 vil bli ein folkefest der vi får med heile fylket, sa leiar i Førde skyttarlag, Stein Mortensbakke, då NRK fortalde at dei igjen vil ha stemnet som fører med seg 12.000-15.000 tilreisande og nær 5.000 deltakarar .

Vil støtte

I månadsskiftet juli-august avgjerd skyttartinget om Førde Skyttarlag får oppfylt draumen. Fylkeskommunen vil sende eit støtteskriv der dei viser til at innbyggjarane i Sogn og Fjordane gong på gong viser at fylket gjennom god og friviljug innsats er ein vellukka arrangørstad for store nasjonale arrangement.

Saman med Førde Skyttarlag og Førde kommune, har Fylkeskommunen vore med og sikra utvikling og oppgradering av skyttararenaen i Kråkenesmarka. Dette samarbeidet vil halde fram.

I ei pressemelding frå fylkeskommunen heiter det seg at det er eit felles ansvar at Kråkenesmarka skyttarstadion held dei kvalitative og kvantitative mål som må til for å arrangere eit nytt Landsskyttarstemne i 2017.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå