NRK Meny
Normal

Fylkeskommunen rosar Fjord1 for lærlinginnsats

Fjord1 får no ros for innsatsen dei har gjort for å skaffe lærlingplassar.

M/F Svanøy

LÆRLINGAR: Fjord1 tar i 25 nye lærlingar kvart år.

Foto: Rolf M. Sørensen / Fjord1

– Fjord1 har her tatt eit samfunnsansvar og tatt inn fleire lærlingar enn det dei hadde planlagt i utgangspunktet, seier Tor Einar Skinlo som er assisterande direktør for opplæring.

Han jobbar no med å finne plassar til 90 lærlingar. Nedturen i oljebransjen merkast godt når det no skal finnast læreplassar. Særleg inn brønnboring, motormann/matros og industrimekanikar er det tungt.

Tor Einar Skinlo, assisterande direktør for opplæring

ROSAR FJORD1: Tor Einar Skinlo er assisterande direktør for opplæring.

Foto: Privat

– For dei ungdommane som no kan få oppfylt yrkesdraumen sin betyr satsinga frå Fjord1 mykje.

Satsing over år

– Lærlingar har vore ei medvite satsing over mange år frå Fjord1 si side, seier HR-direktør Andre Høyset.

Dei fem-seks siste åra har Fjord1 hatt 25 nye læringar kvart år, slik at selskapet samla sett har inne om lag 50 lærlingar til ei kvar tid.

– Har den nedturen vi ser i oljeindustrien hatt noko å seie for den satsinga de har på lærlingar?

Andre Høyset, HR-direktør i Fjord1

SATSAR PÅ LÆRINGAR: Andre Høyset, HR-direktør i Fjord1.

Foto: Pressefoto

– Vi har ikkje sett så mykje på andre bransjar, men har sett rekrutteringssituasjonen for innanriks skipsfart over fleire år, og sett eit behov for ta eit ansvar der som bedrift.

Håpar mange kjem tilbake

Langt frå alle som har læretida i Fjord1, held fram i selskapet. Nokre vel å ta meir utdanning, for andre igjen fristar utanriksfart. Men Høyset håpar at nokre også vil vende tilbake til selskapet.

– Det vi ser er at mange gjerne er utanriks dei første åra, men så kjem attende når dei stiftar familie og ynskjer kortare arbeidsperiodar og gjerne og kunne bu heime medan ein er i skift, seier Høyset.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå