Hopp til innhold

Politisk semje om urettferdig behandling - klagar på NSB-subsidiar til regjeringa

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane meiner det er urettferdig at den statlege støtte til NSB ikkje vart rekna med då det nye inntektssystemet til fylkeskommunane vart vedteke.

Fylkesutvalet meiner det er urettferdig at støtta til NSB ikkje er med i det nye inntektssystemet.

URETTFERDIG: Fylkesutvalet har sendt brev til regjeringa, der dei klagar på urettferdig pengefordeling. Støtta til NSB burde inngå i inntektssystemet til fylkeskommunane, meiner dei.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Dette er ei kjempeviktig sak. Staten subsidierer store delar av lokal- og kollektivtrafikken på det sentrale Austlandet og i andre fylket som har mykje tog. Medan Sogn og Fjordane ikkje får same type kompensasjon, seier fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

Han og dei andre fylkespolitikarane meiner det er særs urettferdig at bussar, båtar, ferjer og anna som ligg til fylkeskommunen må betalast over ordinære overføringar, når det ikkje er tilfelle alle andre stader i landet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte 234 millionar kroner over fem år som følgje av det nye inntektssystemet. Politikarane går ei vanskeleg tid i møte der det må prioriterast stramt mellom mange tenester og prosjekt.

To milliardar NSB-kroner til Austlandet

No augnar dei likevel håp om at det kan vere mogleg å hente inn meir pengar. For då det nye inntektssystemet vart vedteke vart det ikkje rekna inn kor mykje pengar staten brukar på NSB. Den støtta kjem berre jernbanefylka til gode.

– Vi meiner det er urettferdig. Det er i alle fall ikkje noko som legg til rette for prinsippet om likeverdig tenestetilbod og tilnærma lik økonomi i heile landet, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet.

Åshild Kjelsnes

KRITISK: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner dei ikkje grip etter halmstrå når dei håpar å få kompensasjon for jernbanestøtte.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Berre i år blir det kjøpt transporttenester for over tre milliardar kroner. To av desse milliardane går til det sentrale Austlandet. Eit samla fylkesutval meiner det er så urettferdig at dei måndag sende brev til regjeringa.

– De grip ikkje etter halmstrå no?

– Nei, dette er heilt reelt. Dette er noko som i grunn har fått leve sitt eige liv på sida av inntektssystemet, og det er ikkje rett, seier Kjelsnes.

Krev at det kjem meir pengar

At Sogn og Fjordane fylkeskommune er den av alle som får utbetalt mest pengar per innbyggjar, meiner Kjelsnes ikkje skal vere til hinder for at det skal kome fleire pengar til fjordfylket.

– Vi har stort utgiftsnivå ut ifrå samansetnad, med få innbyggjarar og struktur på busetnad. Det er aksept for dette, og eit ynskje å ha folk buande. Då må ein ta høgde for at det kostar meir å ha folk buande slik enn i høgblokker.

Også Høgre sin gruppeleiar, Noralv Distad, meiner noko må gjerast.

– Slik eg oppfattar det, så er det urettferdig at direkte statsstøtte til jernbanedrift på fleire milliardar ikkje er med når ein skal vurdere tilførsel til fylkeskommunane sine inntekter. Vi må få ei større økonomisk ramme. Om ein då vil ta frå andre eller tilføre ekstra midlar er opp til regjeringa, seier Distad som ikkje vil gje råd, berre påpeike krava.

– Ingenting som er umogleg å endre

Djuvik i Framstegspartiet meiner det er gode grunnar til å vere optimistisk med tanke på å få gjort endringar. For også Kommunalkomiteen på Stortinget har merka seg skeivfordelinga. Då dei sa ja til det nye inntektssystemet la regjeringspartia med ein marknad om at dette måtte reknast ut og vurderast.

Frank Willy Djuvik

OPTIMIST: Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, meiner det er grunn til å ha håp om at det blir gjort endringar i inntektssystemet til fylkeskommunane, som gjev meir pengar til Sogn og Fjordane.

Foto: Benedicte Hole / NRK

– Eg trur det er fullt mogeleg å gjere noko med, når Høgre og Framstegspartiet sine representantar ber om å få det greidd ut. Då reknar eg med at dei ynskjer å gjere noko med det når utgreiinga ligg føre. Det bør bli behandla i statsbudsjettet neste år, eller i revidert budsjett. Så vi treng i alle fall ikkje vente lenge før vi får ei vurdering av det, seier Djuvik.

– No er systemet vedteke, er ikkje toget allereie gått?

– Nei, sjølvsagt ikkje. Løyvingane blir vedtekne frå år til år. Det er ingenting som er umogleg når det gjeld å gjere endringar på dette.

Dermed ventar også Fylkesordførar Åshild Kjelsnes i spaning på svaret frå regjeringa.

– Eg har eit håp om at dei ser at det må gjerast om på nøklane, slik at det blir meir rettferdig for heile landet.