Fylkeskommunen fekk pris

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk Kollektivprisen 2018 for tilbodet Lokaltransport for ungdom. Dei vart tildelt prisen på Kollektivkonferansen i Oslo i dag. Lokaltransport for ungdom er eit tilbod der ungdomane gjennom kommunane kan søke om midlar til å få sett opp transport til og frå fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld.