Hopp til innhold

Fylkeskommune vurderer å politimelde kommune etter graving i kulturminne

LÆRDAL (NRK): Lærdal kommune kan ha øydelagt eit over 1000 år gammalt kulturminne. No vurderer Fylkeskommunen om dei skal sende saka vidare til politiet.

Kulturminne Håbakken i Lærdal øydelagt

ANLEGG: I dette området på Håbakken i Lærdal har kommunen grave i eit område med over 1000 år gamle kulturminne. Arbeidet skjedde i samband med utbetring av eit vatn- og avløpsanlegg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Eva Moberg

TRIST: – Eg vert jo lei meg når slikt skjer. Spesielt når det skjer på denne måten der det kunne ha vore unngått, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi ser veldig alvorleg på det som har skjedd. Vi vurderer no skadeomfanget og om det er grunnlag for ei politimelding, seier fylkeskonservator i Sogn og Fjordane, Eva Moberg.

I helga melde NRK at Lærdal kommune har grave i eit område som ligg inne i kommunen sin kulturminneplan. Det var tilbake på 1990-talet at det vart registrert viktige funn frå ein over 1000 år gammal busetnad på marka der det vart grave.

– Ein glipp

Gravinga skjedde i samband med at kommunen skulle kople til eit vatn- og avløpsanlegg på Håbakken til prestegarden på Tønjum.

– At dette kunne skje er ein glipp. Vi undersøkte ikkje godt nok før vi byrja med gravinga, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp).

Han legg til at kommunen burde ha snakka med fleire folk før dei sette i gang arbeidet med å grave i området.

– Her skulle kulturminneforvaltninga blitt kontakt om tiltaka som skulle gjerast før arbeidet vart starta, seier fylkeskonservatoren.

Om saka vert politimeld er det opp til politiet å bestemme kva som eventuelt blir straffa til kommunen for lovbrotet.

Jan Geir Solheim, Lærdal kommune kan ha øydelagt 1000 år gammalt kulturminne

IKKJE IGJEN: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), seier kommunen har lært av feilen og vil unngå at det skjer igjen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK