Hopp til innhold

Fylkeskommunar kan tapa 350 millionar kraftkroner

Rike kraftkommunar – som Vik og Aurland – vurderer å gå inn i ein storkommune. Skjer det, vil fylkeskommunane missa store kraftinntekter. Dei store taparane blir elevane og båtrutebrukarane.

Jenny Følling

ALVORLEG FOR FYLKET: – Mindre kraftinntekter vil koma på toppen av eit allereie stort årleg inntektstap på 230 millionar kroner for Sogn og Fjordane, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Misser me røyrleggjarlinja her i Sogndal, fordi fylkeskommunen ikkje har pengar, veit eg ikkje kva eg gjer, seier Mats Uglane, fyrsteklasseelev ved Sogndal vidaregåande skule.

Han har allereie éin gong måtta kjempa for røyrleggjarlinja han gjerne vil gå på. Kuttforslaget kom på grunn av skral økonomi i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

For Uglane ville nedlegging bety flytting til Florø, 161 kilometer unna. 17-åringen er redd nye kuttrundar viss fylkeskommunen på toppen tapar millionvis av kraftkroner.

Røyrleggarlinja kan bli lagt ned

MÅ FLYTTA 161 KM: Røyrleggjarlinja i Sogndal kan på nytt stå i fare dersom fylkeskommunen misser kraftinntekter. Då må Mats Uglane (t.h) flytta til Florø. Elles f.v.: Fredrik Weum, Vegard Hofslundsengen og Aleksander Langeteig.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Nasjonalt problem

Berre i Sogn og Fjordane kan fylkeskommunen missa over 40 kraftmillionar i året på grunn av kommunereforma. Grunnen er at mange rike kraftkommunar vurderer å gå inn i ein storkommune.

Skjer det, vil dei kunne bruka opp alt av den såkalla konsesjonskrafta sjølv, slik at det ikkje blir att noko fylkeskommunane, som i dag får overskotskrafta som kommunane ikkje får brukt sjølv. For alle kraftfylka i landet samla er det 350 millionar kroner som står på spel.

– Dette er store summar og eit nasjonalt problem. Difor må det òg løysast nasjonalt, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

– Dei store postane i budsjettet vårt er vegar, rutedrift, vidaregåande skular, så det er der kutta vil koma.

Kraftinntekter som gulrot

Før helga prøvde ordførar i Voss, Hans-Erik Ringkjøb (Ap), å overtyda kraftkommunenaboane Aurland og Vik om å bli med i ein ny storkommune. Store kraftinntekter blei brukt som gulrot.

– Kva annan kommune vil få eit kraftfond med årleg utbyte på 20 millionar kroner, spurde Ringkjøb retorisk.

Men for Sogn og Fjordane fylkeskommune vil utfallet blir det motsette: Dersom Aurland og Vik slår seg saman med Voss, misser fylkeskommunen over 30 millionar kraftkroner i året.

– Staten må kompensera

Slike inntektstap som følgje av kommunereforma må staten kompensera, meiner 11 fylke i landet. Dei vil at fylkeskommunane skal få meir av den såkalla naturressursskatten.

– Det er rettmessig at området som blir råka av kraftutbygging – både kommunane og fylkeskommunane – bør få ein større del av den skatten, i staden for at han blir samla inn til den store staten, seier fylkesvaraordførar Følling, som òg er styremedlem i interesseorganisasjonen Kraftfylka.