Hopp til innhold

Fylkesdirektør med eige forslag til E39-trase gjennom Nordfjord

Fylkesdirektøren for næring i Sogn og Fjordane, har snikra saman sitt eige forslag til ny E39-trase gjennom Nordfjord. Det har ikkje fylkesordføraren spesielt sansen for.

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

KOMPROMISS: Jan Heggheim som er fylkesdirektør for næringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, meiner hans forslag er eit godt kompromiss for alle partar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tunnel under Utvikfjellet og E39 i bru over Anda-Lote og vidare i tunnel i ein heilt ny og ikkje greidd ut trase vridd austover til Hornindalsvatnet.

Slik ser fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, for seg kompromisset i den betente vegstriden i Nordfjord.

Ei god løysing, meiner Heggheim.

– På denne måten hadde ein fått løyst alle sine behov, og eg trur det vil vere ei løysing som kan stå seg for veldig lang tid framover, seier han til NRK.no.

– Har tid til ei utgreiing til

På lik linje med fylkestinget i Sogn og Fjordane vil fylkesdirektøren for næring ha stamvegen i bru via Anda-Lote, der Nordfjorden i dag blir kryssa med ferje.

Men vidare nordover frå Lote vil Heggheim, i motsetnad til vedtaket i fylkestinget, ha ein austvendt tunnel gjennom fjellet frå Lote og ut ved Hornindalsvatnet.

Dermed blir E39 kopla på riksveg 15 og den såkalla S-en, og vidare mot Grodås og Kvivsvegen. Dette er eit alternativ som ikkje er greidd ut, og som i så tilfelle må gjennom ei full utgreiing.

– Om ein skal bruke såpass mykje pengar som det er snakk om her, meiner eg ein burde ta seg tid til ei konseptvalutgreiing til, seier fylkesdirektøren.

Samd i delar av forslaget

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) er glad for at Heggheim støttar opp om midtre stamveglinje.

– Den grunnleggjande ideen hans, om å lage ein pakke der ein er samde om at brua skal gå Anda-Lote, men at vi også har inne ein tunnel gjennom Utvikfjellet og forpliktar oss for begge tiltaka, den er eg samd i.

– Dette burde vere ei samlande løysing som får slutt på ein veldig øydeleggande vegstrid i Nordfjord, seier ordføraren.

I tillegg til at Heggheim vil opparbeide tunnel frå Lote til Hornindalsvatnet, vil han skrinleggje planane om opprusting av vegen over Stigedalen og bru over Voldsfjorden.

Denne delen av forslaget er ikkje Bjørlo samd i.

– Skal vi tenkje langsiktige løysingar for E39, må Lote-Anda-konseptet fortsetje over Stigedalen. Med det får vi effekt av det midtre alternativet, nemleg ein kortare reiseavstandar og ein integrert bu- og arbeidsmarknad mellom Ytre og Indre Nordfjord og Ørsta/Volda, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under)

Alfred Bjørlo

SAMD: Alfred Bjørlo er både samd og usamd med forslaget frå Heggheim.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trur også stryningane vil vere nøgde

Heggheim trur også mange stryningar vil vere nøgde med løysinga hans, sjølv om det altså ikkje inkluderer fjordkryssing langt aust i Nordfjorden.

– Eg trur mange stryningar vil vere god nøgde med god tilgang på E39 via Byrkjelo og over Kjøs bru, seier han.

Har ikkje sans for utspelet

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) vil ikkje kome med direkte kritikk av utspelet frå Heggheim. Men det skin samtidig igjennom at ho har liten sans for det.

– Alle ventar på ei avgjerd, og det tener ikkje saka at det kjem opp mange nye forslag no. Avgjerda er like om hjørnet og ligg no på bordet hos statsråden.

– Er det greitt at fylkesdirektøren for næring kjem med sine eigne forslag, som går på tvers av fylkestinget sine vedtak?

– Eg reknar med at han ikkje gjer dette som fylkesdirektør, men som privatperson. Og som privatperson står folk fritt til å gjere som dei vil, seier Ap-politikaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes vil ikkje kome med direkte kritikk av utspelet, men det skin gjennom at ho ikkje har sansen for det.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Utvikfjellet og fylkesveg 60 først

Det er i ein blogg skriven for åtte månader sidan at Jan Heggheim presenterte si stamvegløysing, ein blogg NRK vart kjend med tysdag.

Før realisering av brua mellom Anda og Lote vil Heggheim ha ei bompengefinansiert løysing med tunnel gjennom Utvikfjellet. Han vil vidare gjere ferdig opprustinga av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik, før ein startar bruarbeidet.

– Biltrafikk er som vatn, det renn der motstanden er minst. Den som følgjer litt med på trafikkstatistikk ser at trafikken over Utvikfjellet aukar monaleg. Det er dårleg veg over fjellet, og vegen er bygd for ein heilt anna type trafikk og trafikkmengd enn det som er der no.

Heggheim har følgjande kommentar til om regjeringa kan kome ti å velje kompromissløysinga hans for stamvegløysing gjennom Nordfjord.

– Eg ville ikkje vere veldig overraska om det var element frå mitt forslag med i den løysinga dei fell ned på, seier han.