Hopp til innhold

Fylkesdirektør etterlyser estetisk sans i hektisk cruisehavn

OLDEN (NRK): – Det må vere lov å ha estetisk sans, meiner fylkestopp.

Olden Cruisekai

LITE ESTETISK? Omdrådet kring cruisekaien i Olden har telt og salsbuer.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Ein kan stå fram som meir smakfulle enn det ein gjer i dag.

Det meiner Jan Heggheim som også er fylkesdirektør for næring i fylkeskommunen.

Cruisekaien i Olden tek i år i mot 92 skip. Onsdag var MS "Aurora" til kai. Telt og buer ved kaia lokkar handlande, bussar og sightseeingtog er klare på kaia.

– Det står fram til tider ganske kaotisk, seier Heggheim.

Heggheim er frå nabobygda Loen, han understrekar at cruisekaien i Olden er tilpassa ei tid med mindre trafikk. Men legg til:

Jan Heggheim

YNSKJER BETRE ORGANISERING: Jan Heggheim meiner nøkkelen er å organisere området.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Vi må ha ein viss standard for kva ein tilbyr. Det er viktig å stå fram som attraktive og smakfulle.

​Står fram det som lite estetisk i dag?

– Ja, det trur eg dei fleste er samde om.

– Telta dreg kundar

Odd Jostein Bøhle har i 16 år selt suvenirar frå "slakteribygget". På utsida har Ottadølen sett opp partytelt, plasttroll og reinsdyr.

– Salet berre aukar. Kjempebra i fjor, og endå betre i år.

Kritikken frå Heggheim gjer ikkje inntrykk.

– No er eg ikkje særleg hårsår. Det eg veit er at det fungerer kolossalt godt salsmessig. og det er det viktige for meg. Folk kjem, ser telta, og går rett over vegen, seier Bøhle som omset for 4–5 millionar kroner.

– Eg vil gjerne drive i 16 år til, minst.

Odd Jostein Bøhle

– Få gjerne med alt saman, seier Odd Jostein Bøhle. Han skjemst ikkje over butikken sin i Olden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Viktig med eit tupp bak

NRK har snakka med ein av eigarane av slakteribygget, som ikkje vil kommentere saka.

Frode Briksdal i Briksdal Adventure driv Mølla Gjestehus og tilbyr utflukter.

Frode Briksdal

IKKJE HAKKANDE GALE: Frode Briksdal i Briksdal meiner det i det heile ikkje er kaos i Olden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi kan gjerne få oss ein tupp bak. Men for min eigen del meiner eg det ikkje er så hakkande gale, seier Briksdal.

Briksdal har aldri høyrt ein turist seie det er lite estetisk, derimot har det vore snakk blant lokalbefolkninga.

– Her er i det heile ikkje kaos i alle fall, seier Briksdal.

Vil ha fart på reguleringsarbeidet

Ketil Finsås Hansen er tilsett som bygdeutviklar i Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen.

Ketil Finsås Hansen

RAMMEVILKÅR: Ketil Finsås Hansen vil gjerne i dialog med Jan Heggheim om utviklinga i Olden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi driv dugnad med utsiktsrydding, set ut benkar og heng opp blomster. Det er kanskje slik at når ein ryddar ein stad, ser ein rotet ein annan stad, seier han.

Finsås Hansen meiner det er viktig å få ferdig reguleringsarbeidet i bygda.

– Grunneigarane vil investere, men treng å vite kva rammevilkåra er.

– Likar suvenirane

Syskenparet Kelly og Ryan Harris frå England handlar mellom telta:

– Eg likar å gå her, seier Ryan.

– Olden er jo uansett heilt nydeleg med fjella og fjorden, seier Kelly Harris.

Kelly Harris og Bryan Harris

LIKAR SEG: Kelly og Bryan Harris er på ferie i Olden. Syskenparet kom med MS Aurora.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Gjeld fleire stadar

Heggheim understrekar at han uttalar seg generelt ut frå synsinntrykket han får i Olden:

– Problem knytt til estetikk gjeld ikkje berre i Olden, men det er ikkje mindre viktig at vi bryr oss av den grunn, seier Heggheim.

MS Aurora i Olden

TURISTMAGNET: Olden er turistmagneten i Nordfjord med Briksdalen og cruisekaia.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK