Hopp til innhold

Ap mintest Utøya-offer med rekordmange AUF-arar i salen

Med tre Utøya-overlevande i salen og ein rekordstor AUF-delegasjon, mintest fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti Hanne Kristine Fridtun.

Fylkesårsmøte Sogn og Fjordane Ap

STARTA MED ALVOR: Sogn og Fjordane Ap starta det første fylkesårsmøte etter 22. juli-terroren med minnestund og eitt minutts stille.

Foto: Vidar Gudvangen

Hanne Kristine Fridtun

DREPEN: Hanne Kristine Fridtun, leiar i Sogn og Fjordane AUF, vart skoten på Utøya.

Foto: privat foto

For eitt år sidan stod den då nyvalde fylkesleiaren i AUF på talarstolen i det same fylkesårsmøtet. I dag mintest moderpartiet strynejenta som omkom under tragedien på Utøya 22. juli i fjor.

Tre frå Utøya i salen

– Det var rimeleg spesielt. Det var tungt då vi hadde eitt minutts stille når du veit kven det handlar om. Men dette er noko som vi må komme gjennom. Det var ein trist men veldig verdig start på årsmøtet.

Det seier Torbjørn Vereide frå Gloppen. Han var ein av fem frå Sogn og Fjordane som reiste til sommarleiren på Utøya. Han vart ein av fire som kom heim.

AUF-arar på fylkesårsmøte i Ap

OVERLEVDE UTØYA: Kjetil Klakegg Berheim (f.v.), Thor Mehammer og Torbjørn Vereide overlevde terroren på Utøya. Her saman med AUF sin nye fylkesleiar, Malene Indrebø Langlo.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

«Det er eit stort tomrom»

Då Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt årsmøte starta i Førde laurdag, vart det halde minnetale og eitt minutts stille for Hanne Kristine Fridtun.

Nils P. Støyva

- TRIST: Fylkesleiar Nils P. Støyva heldt minnetale om avdøde Hanne Kristine Fridtun.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er frykteleg synd at ho er borte. Det er eit stort tomrom i blant oss her i salen, seier fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva.

– Vi hadde ein fin minnetale om henne, og minnast ho. Ho var eit svært engasjert menneske som brann for dei svake i samfunnet, og ho hadde eit stort politisk hjarte for veldig mange ting, seier Støyva om Fridtun.

Sterk medlemsvekst etter 22. juli

Malene Indrebø-Langlo frå Florø vart i vinter vald til ny fylkesleiar i AUF etter Fridtun. For ho vart det spesielt å minnast 19-åringen som omkom på Utøya.

AUF-delegasjon

MARKERER SEG: AUF utgjer ein stor delegasjon i salen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Det er spesielt. Du tek over etter nokon som ikkje er her lenger. Men det var ei verdig markering i dag. Det er ein flott organisasjon som eg er stolt av å leie.

Ho håpar Ap sitt fylkesårsmøte markerer eit skille. Etter 22. juli har Sogn og Fjordane AUF vakse seg til ein stor organisasjon. Ungdomspartiet har det siste året opplevd ein auke i medlemstalet på heile 88 prosent, og tel no om lag 400 medlemmer. Det viser også att på moderpartiet sitt årsmøte.

I salen på Rica Sunnfjord Hotell sit det denne helga i overkant av 25 AUF-arar.

– Godt å få komme tilbake

Trond Giske

GJEST: Næringsminister Trond Giske var laurdagens hovudtalar på Sogn og Fjordane Ap sitt årsmøte.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er heilt enormt. Tidlegare var vi berre to-tre utsendingar som stod og kjempa for AUF sine visjonar. No er vi enormt mange og vi har vist engasjement oppe på talarstolen. Vi har vist at AUF er ganske store, seier Torbjørn Vereide.

Thor Mehammer, fylkessekretær og AUF-overlevande, meiner ein på fylkesårsmøtet er i ferd med å ta den politiske kvardagen tilbake.

– Det har vore stort fokus på det som skjedde. Det å få komme tilbake her og ta tilbake det gode gamle som vi kjenner, er veldig godt.

Prega talarlista

Og på talarstolen var AUF-arane tilbake i den politiske kvardagen. Dei sette eit klart preg på første dag av Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt fylkesårsmøte. Ei rekkje AUF-arar heldt innlegg etter næringsminister Trond Giske sin tale.

Torbjørn Vereide

PÅ TALARLISTA: Torbjørn Vereide var ein av mange AUF-arar som entra talarstolen laurdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mens Vereide helt innlegg om utfordringane til reiselivet, var Kjetil Klakegg Bergheim oppteken av partiorganisasjonen.

- I dag brann eg mest for at partidemokratiet ikkje skal forsvinne hen blant partipampane i Oslo, og at dei må høyre på grasrota.

Innlegget hadde klar adresse til næringsministeren og regjeringa om å ikkje trumfe igjennom det omstridde vikardirektivet. Andre ungdommar mana til kamp om tilhøva for funsjonshemma, ungdomskort på buss til og med fyllte 23 år, og omsyn til hybelbuarar.

Vil lytte til AUF-arane

– Dette er kjempeflott. Dei engasjerer seg på svært mange områder. Dei brenn for sakene sine, og det er veldig fornuftige og saklege, gode innlegg, kommenterer Nils P. Støyva.

Han er oppteken av at AUF-veksten etter 22. juli ikkje må bli eit blaff.

– Vi må ta med oss AUF i den vidare debatten framover. Vi må gjere dei til ein del av arbeidarrørsla, ta dei med på råd og lytte til dei. Vi må bruke dei aktivt. Det er dette som er framtida, seier Støyva.