Hopp til innhold

Fylkesårsmøte ber UNE la Abenezer få bli i Sogndal

– Storsamfunnet vil spare på å la Abenezer (5) og familien bli i Sogndal.

Abenezer og faren

FAR OG SON: Abenezer (5) saman med faren, Adhenome Gebreru. Abenezer er autist og treng tilsyn heile døgnet

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Det meiner Sogn og Fjordane SV som i helga kom med fråsegn for at fem år gamle Abenezer ikkje skal måtte reise frå Sogndal.

Kommunen har etablert eit tilbod rundt flyktningfamilien og har i fire månader førebudd skulestart for femåringen.

Vibeke Johnsen

BLI: Vibeke Johnsen og Sogn og Fjordane SV ynskjer på sikt at familien til Abenezer skal få opphald på humanitært grunnlag. – På kort sikt ber vi om at vedtaket om flytting, etter at mottaket vart lagt ned, blir gjort om, seier ho.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Tilbodet kan nok etablerast også i andre kommunar, men det vil krevje tid og ressursar å bygge opp same tillit og tryggleik som familien har til helsehjelp, barnehage og etter kvart skule i Sogndal, seier fylkesleiar Vibeke Johnsen.

Kan bli kasta ut

Saka om den fem år gamle guten har vakt sterke kjensler i Sogndal. Spesielt etter at det vart kjent at asylmottaket, der Abenezer bur saman med foreldre og to søsken, skal leggast ned .

Guten har alvorleg autisme, men står i fare for å bli kasta ut av landet. Utlendingsnemnda (UNE) innvandringsregulerande omsyn er viktigare enn omsynet til Abenezer.

– Det er (...) sterke moment som taler for at retur til heimlandet vil vere bra for barnet, fordi foreldra har familie og nettverk og kjenner språket og har kulturell tilhøyrsle til dette landet, skreiv dei då klaga til familien vart behandla i fjor haust.

Ber for Abenezer

I helga vedtok fylkeslaget til SV ei fråsegn der dei ber UNE la familien bli i Sogndal, sjølv om dei formelt blir flytta til eit anna mottak til saka er behandla på nytt.

– Ei flytting av Abenezer vil kunne få katastrofale følgjer for guten og familien hans, og det vil vere eit brot på barnevernskonvensjonen, skriv SV i fråsegna.

Tre stortingsrepresentantar som deltok på fylkesårsmøtet vart oppdatert om saka. I tillegg har partiet leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget, Karin Andersen.

– Vi gir oss ikkje og vil kjempe for Abenezer, seier fylkesleiar Johnsen og ventar at barnekonvensjonen blir følgd og at familien får opphald på humanitært grunnlag.

Ekstrakostnad

Partiet krev også at diagnoselista som blir nytta i samband med å gje opphald på humanitært grunnlag blir oppjustert med diagnosar som særskilt gjeld born, slik som alvorleg barneautisme.

– Det å la Abenezer få bli i Sogndal, der tilbodet allereie er på plass, gjer at vi unngår den ekstrakostnaden for storsamfunnet å starte heilt på nytt i ein annan kommune, seier ho.