Hopp til innhold

Fyktar nye luktplager i Gulen

Innbyggjarane i Sløvåg i Gulen er skeptiske til planene om utviding av komposteringsanlegget i bygda.

Kart Sløvåg

Verksemda Miljøkompost har søkt fylkesmannen om utsleppsløyve for eit anlegg som skal ta imot 10 000 tonn slam, septik og anna organisk avfall i året.

Krev garantiar

Innbyggjarane i Sløvåg har hatt sterke luktplager etter eksplosjonsulukka ved Vest Tank i mai.

Bente Halvsik, som bur i nærområdet seier dei difor krev garantiar for at utvidinga ikkje fører til auke uslepp av lukt og forureining.