Hopp til innhold

Fryktar at ungar kan skade seg i nedslitne ballbingar

Fleire titals ballbingar i Sogn og Fjordane er no så nedslite at dei knapt kan brukast, og nokre av dei kan vere farlege for ungane.

Atle Skrede i hagen på NRK-huset i Førde

VIL HA FART PÅ SAKA: Atle Skrede seier at dei no legg opp til å få rehabilitert mange av dei nedslitne nærmiljøanlegga.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I Sogn og Fjordane er det per dags dato 117 såkalla nærmiljøanlegg for fysisk aktivitet, eller ballbingar som folk flest kallar dei. No syner det seg at mange av desse ballbingane treng fornying og reparasjonar.

– Anlegga er viktige for den fysiske aktiviteten i nærmiljøet, knytt til skuleområde, oppvekstsenter og idrettsanlegg. Der ser vi no at vi har 117 ballbingar, og ei kartlegging vi har gjort syner at 30 av dei har eit akutt behov for rehabilitering, seier Atle Skrede, som jobbar med fysisk aktivitet i fylkeskommunen.

– Kan gå på helsa laust

Han peikar mellom anna på at dekket i ballbingane er så nedslite at dei ikkje lenger er særleg innbydande, og at det kan vere plankar og anna som er vekke eller heng og sleng.

– Vil du seie at dette er så gale at det kan vere farleg?

– Ein del av ballbingane har djupe groper som gjer at det kan gå på helsa laust. Ein kan trakke lett over, og det er spikrar som heng litt ugunstig til. Det er no ytterpunkta, men mange av dei er nedslitne fordi dei er 10–15 år gamle. Dei kom på byrjinga av 2000-talet og utover, og er då modne for rehabilitering, seier Skrede til NRK.

  • Korleis er situasjonen for ballbingane der du bur? Send oss gjerne eit bilete eller andre tips om dette på epost eller på SMS med kodeord SF til 1987

Eigarane må betale

Han peikar på at det er dei som eig anlegga som også er ansvarlege for å halde dei ved like, anten det er kommunane, grendelag eller idrettslag som står bak.

– Det er anleggseigar som er ansvarleg for å halde anlegga ved like. Når ein fekk spelemidlane i si tid, så pliktar ein å halde ope for ålmen fysisk aktivitet. Det vil seie at det skal vere godt vedlikehaldne i 20 år framover, slår Skrede fast.

Små investeringar

Det er ikkje snakk om dei store investeringane for å få rusta opp dei mange ballbingane og andre nærmiljøanlegg som no er i dårleg stand. Om lag 100.000 med moms kostar det for ein kommune å rehabilitere ein standard ballbinge.

– Då får ein om lag 50.000 i spelemidlar for dette og betalt tilbake momsen. Så då har vi eit samarbeidsprosjekt, der Sparebankstiftinga går inn med 10.000 kroner til kvar ballbinge. Eg synest barn- og unge i Sogn og Fjordane fortener å ha tidsrette anlegg, seier Skrede.