Hopp til innhold

Olden-Innvik blir tidlegast opna tysdag ettermiddag

Roar Henden kom til rasstaden berre minuttar etter at dei store steinblokkene hadde rasa ut i vegen. – Det er ei stor skam at me sit at med vegbitar som har so dårleg standard.

Raset ved Ugla og Roar Henden (innfelt)

NESTENKATASTROFE: Roar Henden kom til rasstaden berre nokre få minutt etter at steinblokkene dundra ned i vegbana.

Foto: Roar Henden/privat

Det var litt før klokka 9 i dag tidleg at steinblokkene dundra ned utanfor Vanbergtunnelen, ved Ugla, på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Stryn kommune.

Vegen blir opna tidlegast tysdag ettermiddag.

Minuttar frå katastrofe

Roar Henden

MÅTTE DIRIGERA TRAFIKKEN: Roar Henden.

Foto: privat

Først av alle på rasstaden var Roar Henden, som var på veg frå Flo til Sandane.

– Det var ei stor røyksky som låg over området, det var tydeleg at det nett var gått eit ras, men eg såg ingen steinar som rørde seg. Men det var rett og slett forskrekkande å sjå eit so stort ras som nett hadde gått over vegen, seier Henden.

I tillegg til steinane i vegen, ligg det også nokre store blokker igjen i fjellsida.

– Hadde eg eller nokon andre hamna midt oppi steinmassane so hadde det gått skikkeleg gale, det er det ikkje nokon tvil om.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik
Foto: NRK.no-tipsar

Opnar tidlegast tysdag ettermiddag

Det fyrste Henden gjorde var å rygga vekk frå rasstaden.

– Der og då handla eg berre på refleks og fekk rygga tilbake, og eg fekk stoppa bilane bak meg. So byrja me å manøvrere bilane bakover mot tunnelen. Det er jo umogleg å snu, so det vart kork ganske fort.

– Eg kjem til å vegra meg for å køyre denne vegbiten her før den blir utbetra. Det er ei stor skam at me sit att med vegstrekningar som har so dårleg standard.

Det blir jobba med å fjerna steinane og sikra staden, men det vil gå tid før vegen på ny er open for ferdsel.

– Slik det ser ut no so blir ikkje vegen opna i dag, seier geolog Kristian Kjesbu.

Steinblokk over fylkesveg 60 mellom Innvik og Olden
Foto: Arne Vik

– Det er mykje steinblokker på vegen, og ein del små steinar og blokker som ligg oppover i fjellet. Det er også ei større blokk som ligg oppi der, og me må kjenna meir på den før me kan føla oss trygge, seier Kjesbu.

Det seier også Terje Samuelsen i Statens vegvesen, som bekreftar at vegen blir opna tidlegast tysdag ettermiddag.

– Det blir ei ny vurdering tysdag ettermiddag, det er alt eg kan seia no, seier Samuelsen.

Lange ferjekøar

Vegstenginga fører til lange køar på ferjesambandet Anda-Lote. Og det er det fare for at det blir heilt til i morgon ettermiddag.

Kø på Anda

LANGE KØAR: Slik såg det ut på Anda litt før klokka 17 måndag.

Foto: Edvin Rand

Vegtrafikksentralen opplyser om at det blir sett opp ekstraavgangar i natt. Klokka 02.50 går det ein ekstraavgang frå Lote, medan frå Anda går det ekstraferje klokka 03.05.

No på ettermiddagen er det lange køar på begge sider. Men Fjord1 har ikkje moglegheit til å sette inn fleire ferjer på sambandet.

– Dei må i alle fall vente ein ferjeavgang, so minst ein god halvtime ventetid blir det. Me får håpa det dabbar litt av utover kvelden. Men eg trur ikkje det er mogleg med ei ekstra ferje, seier kaptein på M/F Lote, Kjetil Sætre.