Hopp til innhold

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet stengd etter steinras

Fylkesveg 13 er stengd ved Mel, på strekninga Dragsvik Moskog, og vil vere stengd til i ettermiddag, melder Statens vegvesen.

Ras Meel

MYKJE VATN: Ei elv med svært mykje vatn etter mykje nedbør har ført med seg mykje grus og stein ut i vegbana. Ein del masse er allereie rydda vekk, men vegbana skal ha fått skadar og heva seg på staden.

Foto: Jon Linde, Mesta

Statens vegvesen melder like før klokka 07.30 at dei ventar å kunne opne vegen i løpet av ettermiddagen.

– Vi har fått rydda opp det meste etter raset, men vegbana, og spesielt det eine køyrefeltet har heva seg ein del. Vi har fått ein del skader på vegbana, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Folk som skal over Gaularfjellet må køyre Fylkesveg 55 om Høyanger og Vadheim, og vidare på E39 nordover.

Mykje vatn

Statens vegvesen meldte om raset i morgontimane.

– Vi har akkurat fått folk opp på staden no, og det er litt tidleg å seie kva øydeleggingar som har skjedd, sa Tore Andre Halland ved Vegtrafikksentralen i Bergen klokka 05.45.

Mykje nedbør natt til tysdag er truleg årsaka til at vegen no er stengd.

– Det er ei elv som har gått over sine breidder, og dratt med seg stein og grus ut i vegen, sa Halland.

Det var då enno uvisst kor lenge vegen ville vere stengd.

– Vi har akkurat fått folk opp på staden no, og det vil vi vil trenge minst ein traktor for å rydde opp. Folk må nok belage seg på nokre timar med stengd veg.

Meel