Hopp til innhold

Fusjonen stranda i 2007, no vurderer dei samarbeid

Ein fusjon stranda for ti år sidan. No vurderer Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi å samarbeide tettare.

Fredrik Behrens

VURDERER: Fredrik Behrens og Sunnfjord Energi skal no greie ut tettare samarbeid med Sogn og Fjordane Energi, som allereie har sett i gang ein tilsvarande prosess med BKK.

Foto: Helge Johnsen

– Det er for enkelt å tenkje at det er første steg mot ein fusjon. Det har skjedd mykje på dei åra som har gått sidan då, og andre løysingar kan vere aktuelle i dag, seier konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane energi.

– Tenkjer framover

Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE

NY PROSESS: Johannes Rauboti seier samtalane med Sunnfjord Energi vil gå uavhengig av samtalane med BKK. – Vi har ein klar ambisjon om å få gjort ei utgreiing i løpet av første halvår neste år, seier han.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Det har gått ti år sidan politikarane i Førde kommune trassa rådmannen si tilråding, og velta energiselskapa sine omstridde fusjonsplanar . Planen var då at Førde skulle få hovudkontoret for selskapet , men politikarane røysta nei fordi dei meinte at det var lite å tene på samanslåing.

Ti år etter har Sunnfjord og Sogn og Fjordane Energi funne saman att.

– Vi meiner vi rustar oss best for framtida ved å tenke utvikling og samarbeid, seier Rauboti.

Møter endringar

Både Rauboti og administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, seier dei vurderer samarbeid for å møte endringar i energisektoren. Seinaste åra har endringar i regelverk og rammevilkår ført til fleire samanslåingar i kraftnæringa.

Styresmaktene har også uttrykt forventingar om færre selskap. Behrens seier lokal verdiskaping og eigarskap til naturressursane er viktig i eit fornybarfylke.

– Sogn og Fjordane er eit av dei viktigaste områda for fornybar energi i Norge. Vi er opptekne av lokal kontroll med viktig infrastruktur, verdifulle naturressursar og viktige arbeidsplassar også i framtida, seier han.

Fusjon er ikkje målet

Dei tilsette i selskapa er informert om samtalane som går føre seg, og arbeidsgrupper med representantar frå begge selskap er i gang med å sjå kva potensial som ligg i auka samhandling.

Både Rauboti og Behrens er klar på at dei er opne for ulike modellar og avviser at samanslåing er målet.

– Vi har lenge hatt godt samarbeid med SFE og det er naturleg å undersøke moglegheitene her først. Om begge selskapa og våre eigarar skulle finne ut at felles selskap tener oss og kundane best, så vil vi sjå positivt på det, men det kan også resultere i at vi samarbeider tettare på utvalde område, seier Behrens.

Lågare nettleige

Rauboti både håpar og trur at eit samarbeid vil redusere kostnadane til selskapa, noko som igjen kan slå positivt ut for straumkundane.

– Vi har mange fleire meter nett per kunde, og ikkje den kundeveksten ein opplever i bynære område. Det er ein fysisk føresetnad vi må leve med så lenge vi har strukturen vi har i dag, seier han.