Hopp til innhold

Fusjonavgjerd på nyåret

På eigarmøtet til Sogn og Fjordane energi i går blei forsamlinga orienterte om den planlagde kraftfusjonen med Sunnfjord energi.

Detaljar i fusjonen, som til dømes flyttinga av hovudkontoret frå Sandane til Førde, var ikkje eit tema på møtet.

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier at ei endeleg avgjerd kring fusjonen kjem til å bli klar fyrst på nyåret.