Kjøtprodusenten Gilde og fjørfeprodusenten Prior slår seg saman for å møte den auka konkurransen for utanlandsk mat. ætre trur samanslåinga vil styrke norsk matvareproduksjon.
Kom brått på
På anlegget til Gilde i Førde kom dette brått på dei tilsette. Tillistvald Nils Paulen las om fusjonen på VG-nett før han vart kalla inn på kontoret til driftssjefen.
- Eg vart overraska, for det er ikkje slik det skal være.
Reagerer på namnet
Hans første reaksjon var sjølve namnet. . Han likar ikkje at ein skal begynne å klusse med Gilde-namnet, som er godt innarbeidd.
- Det har eit godt rykte, så all forandring vil virke negativt, meiner han.
Gilde og Prior skal effektiviserast med 100 tilsette, men dette får ingen konsekvensar for dei tilsette i Førde, seier Paulsen. Det er hovudadministrasjonane det går ut over, men tilsette skal gå av ved naturleg avgang, seier han.