Hopp til innhold

Furebotn: – Det var Sogndal, eller ingenting

Berre 32 år gamal har Henrik Furebotn bestemt seg for å gi seg som fotballspelar på toppnivå. Men han håpar på comeback i lokalfotballen.

Henrik Furebotn for Sogndal.

LEGG OPP: 0-3-tapet heime for Rosenborg vart Henrik Furebotn sin siste kamp for Sogndal. – Dei fire månadane eg hadde vekke frå kone og barn i fjor var ikkje den lettaste perioden. Difor var det uaktuelt å gå på lån til noko anna klubb, seier han.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det var ikkje lett, men eg er tilfreds med avgjerda. Det var Sogndal, eller ingenting, seier midtbanespelaren frå Årdal.

Skadeprega månader

Eliteserien fotball 2016: Start-Sogndal.

SANDNES ULF: Før overgangen til Sandnes Ulf i 2013 fekk Furebotn tilbod om prøvespel i utlandet. – Det var aldri noko konkret kontraktstilbod, men klubbane var uansett ikkje større enn Sandnes Ulf, seier han.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Sju skadeprega månader vart tunga på vektskåla når Henrik Furebotn gir seg som toppspelar eitt år tidlegare enn planlagt. Etter nær 300 kampar i eliteserien og 1. divisjon.

32-åringen bad sjølv om møte med leiinga i Sogndal for å drøfte situasjonen.

– Strekkskaden eg fekk tredje dag i sesongoppkøyringa har følgt meg. Eg har hatt fire-fem skadefrie veker. Det har slite på motivasjonen kvar gong eg har slite den opp. Eg ser det også vanskeleg å spele meg inn att på eit Sogndal-lag som cruisar i 1. divisjon, seier han.

– Viktig for yngre spelarar

Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0

FORSTÅR: – Tida etter at Henrik kom tilbake vart ikkje slik vi håpa på. Det blir aldri lett når du får så store skadeproblem og det er hard kamp om plassen på laget, seier trenar Eirik Bakke.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Framover blir Furebotn å finne i utviklingsavdelinga i Sogndal, saman med Tommy Øren, Nils Tore Krosshaug og Anders Stadheim. Noko trenar Eirik Bakke er glad for.

Han meiner Furebotn har vore ein viktig spelar for Sogndal sidan debuten i 2006.

– Henrik er ein fantastisk type, ein som alltid går føre i krigen og gir beskjed når ting ikkje er bra. Han er ein av dei lokale som veit kva som krevst for å nå opp, og eg trur han kan bli ein viktig mann i arbeidet med å utvikle yngre spelarar, seier han og har forståing for avgjerda til 32-åringen.

Gode og dårlege minner

Henrik Furebotn

NEDTUR: Furebotn spelte 13 kampar for Sogndal og 12 kampar på lån i Fredrikstad. Sesongen enda i nedrykk for begge klubbane.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Furebotn legg bak seg ei karriere med mange oppturar og nedturar. Den største nedturen opplevde han mot Notodden som Fredrikstad-spelar i fjor. Laget frå plankebyen henta midtbanespelaren på lån for å overleve i 1. divisjon. På toppen rykte også Sogndal ned.

– Kva med gode minner?

– Det er stort sett enkeltkampar. Då vi slo Fredrikstad i 2010 og rykte opp i eliteserien etter mange år i 1. divisjon er nok det beste. Også då vi måtte slå Brann for å stå første året i eliteserien. Det gjorde vi. Det er ikkje mykje som slår slike kjensler.

Største anger

Henrik Furebotn

BODØ/GLIMT: Henrik Furebotn scora åtte mål i løpet av 46 kampar i nord. Sjølv om nordlendingane ynskte han med vidare, valde han å flytte heim for å stifte familie i Sogndal.

Foto: Øystein Nygård / NRK

Det Furebotn angrar mest på, er at opphalde i nord ikkje varte lenger. Med ei lita jente på veg, valde han og kjærasten å reise heim til Sogndal.

– Eg skulle gjerne hatt fleire år i Bodø/Glimt. Det var ein utruleg flott klubb, ein fin gjeng og fin by. Både eg og frua stortreivst der. Vi saknar Bodø veldig mykje, seier han.

– Har du spelt fotball for siste gang?

– Eg håpar ikkje det. Eg har framleis lyst til å spele fotball, men ikkje på så veldig høgt nivå. Berre det å vere med å halde seg i form og kjenne på kjensla av å vinne. Det er like moro å slå tre kameratar som å vinne på Lerkendal stadion, seier han.

– Men det er litt dumt å få strekkproblem i ein alder av 32. Samstundes har eg vore heldig med lite skader, så eg skal vel kanskje ikkje klage, avsluttar han.