Hopp til innhold

Furebotn: – Overlet krisemaksimeringa til andre

Sogndal ligg nedst på tabellen etter seks rundar av eliteserien.

henrik furebotn

KAPTEIN: Det hjelper ikkje å stire i golvet og vera sure uansett, seier kapteinen på Sogndal, Henrik Furebotn. I neste serierunde møter laget Haugesund på bortebane.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Null poeng og nok ein sentral spelar ute med skade, var fasiten etter kampen mellom Sogndal og Lillestrøm i den 6. serierunden.

– Vi har fått mange alvorlege skader på kort tid. Det er ikkje ein ideell situasjon, seier trenar Eirik Bakke etter Christophe Psychè rauk ut med skade i akillesen i søndagens kamp.

– Først og fremst må vi skåre mål

Henrik Furebotn er kaptein for gjengen som no ligg nedst på tabellen. Det er ingen krisestemning i laget, seier han.

– Vi har berre spelt seks seriekampar, så det er ingen krise enda. Det er 24 kampar att, så vi må berre halde fram og jobbe med det vi trur på og stå saman. Så får media og publikum stå for krisemaksimeringa, seier Furebotn.

På laget si trening på Fosshaugane har stemninga byrja å ta seg opp att etter tapet i helga.

Trening sogndal

TRENING: Latteren var tilbake under treninga på Fossghaugane etter tapet mot Lillestrøm i den 6.serierunden.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Då var det eit brassespark frå venstrebacken Simen Kind Mikalsen som senka Sogndal. Det er eit godt eksempel på korleis ting ikkje har gått Sogndal sin veg i det siste, seier Furebotn.

Men etter ein målfattig sesongstart har kapteinen klåre tankar i kva som må ryddast opp i før dei møter Haugesund på bortebane komande helg.

– Først og fremst må vi skåre mål. Vi har slite med å skape målsjansar, så den koden må vi knekke. Og så må vi tette igjen defensivt, vi har slept inn alt for mange mål på dødballar i år, seier Furebotn.

Må hente forsterkningar

Med både Ole Amund Sveen og Christophe Psychè ute over lengre tid blir det handletur for Bakke og gjengen når overgangsvidauget opnar att til sommaren.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Lillestrøm.

SKADA: Christophe Psychè blir truleg ute fleire månadar etter han trakka feil og fekk ein skade i akillesen mot Lillestrøm.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Med desse spelarane ute seier det seg sjølv at vi må forsterke oss for å greie ein god haust, seier trenar Eirik Bakke.

Når det gjeld spelarar på utlån, vil ikkje Bakke seie om dei vil jobbe for å hente dei tilbake for å forsterke stallen før sommaren.

Blant andre Kristian Fardal Opseth skåra fleire mål for Bodø/Glimt der han er på utlån denne sesongen.

– Vi brukar ikkje tid på det enno. Men det er klart at det er ikkje mindre aktuelt å hente tilbake spelarar no, seier Bakke.