Hopp til innhold

Furebotn på veg vekk frå Sogndal

Sjølv om Sogndal fotball gjerne ville behalde han, vil Henrik Furebotn vidare. No kan han bli selt allereie i vår.

Henrik Furebotn

PÅ VEG UT: Henrik Furebotn kan ha spelt sin siste kamp for Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Midtbanespelaren frå Årdal har ei kontrakt som går ut etter 2012-sesongen, og i går vart det endeleg klart at han ikkje vil forlengje denne, skriv Sogn Avis.

Sportsleg koordinator i Sogndal Fotball, Håvard Flo seier til avisa at klubben gjerne ville ha med Furebotn vidare, men at dei ikkje har klart å få til ei forlenging av kontrakten.

Flo seier vidare at klubben må tenkje langsiktig. Det betyr at klubben no vil prøve å selje Furebotn allereie før overgangsvindauget stengjer i slutten av mars. Med andre ord kan årdølen ha spelt sin siste kamp for sogneklubben.

Furebotn stadfestar overfor avisa at han skal vidare til ein ny klubb etter sesongen, men seier han ikkje har noko ny klubb i sikte allereie.

Furebotn seier til Sogn Avis at han ikkje har stilt noko krav til klubben som han ikkje fekk gjennom, men at det eine åleine er det at han vil kome seg vidare som er grunnen til at han no forlet Sogndal.

– Eg vil prøve noko nytt, rett og slett, seier han til avisa.