Hopp til innhold

Furebotn på topp når Sogndal møter Haugesund

Henrik Furebotn spelar i kveld sin første kamp for Sogndal etter comebacket. Det skjer når laget frå saftbygda møter Haugesund på bortebane. Her kan du følgje kampen minutt for minutt.

Henrik Furebotn

PÅ TOPP: Det er knappe to veker sidan Furebotn signerte for Sogndal. I kveld spelar han sin første kamp, det gjer han på topp saman med Ole Amund Sveen.

Foto: Henrik Agledal

Laster innhold, vennligst vent..

Før kampen i kveld ligg Sogndal på ein 9. plass på tabellen, noko som er tre plassar bak Haugesund på ein 6. plass.

Fem poeng skil dei to laga før dagens kamp på Haugesund stadion. Der møter Sogndal eit lag som endå ikkje har tapt på heimebane.

Trenar Eirik Bakke gir nysignerte Henrik Furebotn tillit frå start i sin første kamp etter at han kom tilbake til saftbygda for to veker sidan.

Dette er laget som startar for Sogndal:

Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Jukka Raitala – Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Rune Bolli Bolseth, Lars Christian Kjemhus – Ole Amund Sveen, Henrik Furebotn

Furebotn, som til vanleg spelar på midtbana, blir dermed sett i ei uvanleg rolle for han å vere.

Kan stå med elleve kampar utan tap

Sogndal har ikkje tapt ein einaste kamp i eliteserien sidan dei tapte 2–0 mot Brann i april.

Med poeng mot Haugesund vil Sogndal stå med elleve kampar på rad utan tap.

Under førre kamp mot Bodø/Glimt var det Ole Amund Sveen som berga eitt poeng for laget med Sogndals sitt 300.eliteseriemål.

Laster innhold, vennligst vent..