Hopp til innhold

Furebotn kjenner eit ekstra press i år

SOGNDAL (NRK): Henrik Furebotn har blitt vald som ny Sogndal-kaptein. – Det er ekstra stort, seier han.

Eliteserien fotball 2016: Sogndal - Strømsgodset 0 - 1

KAPTEIN: Henrik Furebotn vert årets Sogndal-kaptein, etter at Rune Bolseth sette karrierepunktum etter fjorårets sesong.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Eg føler eit ekstra press og det er eg som må ta ansvar å svare journalistar når det går dårleg. Men eg håper eg ikkje treng det så ofte, seier Furebotn med eit lurt smil.

Dagen før laget sin siste treningskamp mot Brann førre helg fekk Furebotn beskjeden frå trenar Eirik Bakke om at det er han som skal få vera kaptein i år. Fjorårets kaptein Rune Bolseth gav seg som fotballspelar etter førre sesong.

Ekstra stort

Furebotn kom frå Årdal til Sogndal i 2006 og fekk same året debuten i 1. divisjonsoppgjeret borte mot Pors. I fjor sommar vart han henta tilbake til, etter nokre sesongar i Sandnes Ulf og Bodø/Glimt.

– Det har vore i tankane mine å gjera han til kaptein sidan vi henta han tilbake i fjor sommar, etter at Bolseth gav seg. Han er ein lokal gut, som veit kva det betyr å spele for Sogndal, seier trenar Eirik Bakke.

– Det er veldig stort for meg. Eg har tenkt litt på det at eg kunne bli kaptein, sidan eg er lagets eldste og har vore kaptein før. Sogndal er jo klubben min og det ei stor ære å få vera kaptein for laget og heile bygda, seier Furebotn sjølv.

I kapteinsgruppa har han med seg med Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik og Mathias Dyngeland.

På søndag leiar han laget ut på bana i sesongens første kamp, borte mot Sarpsborg.

Laster innhold, vennligst vent..