«Duracell-kaninen» klar for sin tredje eliteserieklubb

– Det er spennande å prøve noko heilt nytt, seier Henrik Furebotn etter å ha sett underskrifta si på ein toårsavtale med Bodø/Glimt.

Sarpsborg 08 vant

KLAR: Henrik Furebotn (t.h.) kom måndag til Bodø/Glimt og etter ei treningsøkt og medisinske testar tysdag var han klar for sin nye arbeidsgjevar.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Som NRK melde tidlegare, har Henrik Furebotn i dag gjennomført si første trening med nye lagkameratar og gjennomført dei medisinske testane i Bodø.

Nokre timar seinare var toårskontrakten signert. Kommande sesong er Aspmyra heimebana hans.

– Det er eit spennande lag, med mange gode spelarar og som spelar ein formasjon eg trur vil passe meg ganske bra. Så er det jo spennande å prøve noko heilt nytt, seier 28-åringen frå Årdal.

Vil vere indreløpar

Midtbanespelaren går gratis frå Sandnes Ulf og Bodø/Glimt blir Furebotn sin tredje arbeidsgjevar i eliteserien. I tillegg til Sandnes Ulf har han også 173 kampar og 16 mål for Sogndal.

Furebotn hadde også fleire alternativ, men formasjonsvalet og eliteseriespel lokka han til Nordland og Bodø/Glimt. I fjor vart dei nummer 13 i eliteserien.

– Dei spelar 4-3-3 og då eg spelte det med Sandnes Ulf i haust, så fann eg vel ut at det eigentleg er indreløpar eg er – sjølv om eg nesten aldri har fått spelt det, seier han.

– Godt likt trenar

Halvorsen er heller ikkje noko ukjent namn for Furebotn. Den tidlegare tysklandproffen trena Sogndal sesongen før årdølen kom til Fosshaugane.

Bodø/Glimt

NØGD: Jan Halvor Halvorsen er godt kjend med Henrik Furebotn, etter mange år som trenar i norsk fotball.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Eg har høyrt veldig mykje bra om han, og i Sogndal prata dei veldig godt om han. Det verkar for å vere ein godt likt trenar, som også har fått til mykje bra her oppe, seier han.

– Er du letta over å ha fått spikra kvar du skal spele kommande sesong?

– Ja, det er veldig godt å ha det på plass. Eg kunne for så vidt hatt det på plass for lenge sidan, men denne gang ville eg ikkje rushe valet mitt og eg ville at det skulle vere nøye gjennomtenkt. Dette har eg veldig stor tru på.

– Ei duracell-kanin

Nøgd er også trenar Halvorsen. Det var han som kontakta Furebotn for eitt par veker sidan og NRK kjenner til at dei to møttest i Oslo kort tid etter. Halvorsen seier til klubben sine nettsider at han ser på Furebotn som ei forsterking.

– Han er ein spennande, rutinert og litt annleis indreløpar enn dei vi har i dag. Han har ein veldig driv i ballen, er teknisk bra og erfaren. Han har eit godt blikk for spelet, seier han.

– Henrik er ei «duracell-kanin» som spring opp og ned i 90 minuttar. Eg er veldig nøgd, gliser han.