Hopp til innhold

Henrik Furebotn blir hylla etter Sandnes Ulf-snuoperasjon

Årdølen Henrik Furebotn blir hylla av lagkameratar og trenar etter at Sandnes Ulf har sikra seg ni poeng på tre kampar.

Henrik Furebotn

SUKESS I LYSEBLÅTT: Henrik Furebotn i kamp med gamle lagkameratar på Sogndal, Taijo Teniste (t.v.) og Rune Bolseth.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

For to mål og ein assist på to kampar frå Furebotn har vore med på å vippe kampane i favør av dei lyseblå frå Rogaland.

Trenar Asle Andersen seier til aftenbladet.no at Furebotn var strålande mot Aalesund.

– Dessverre er det ikkje alle som ser kor god han er. Han jobbar enormt bra defensivt, og han gjer også ein svært god jobb offensivt.

Asle Andersen

- FUREBOTN VAR STRÅLANDE: Trenar Asle Andersen.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Avgjerande mål

Lagkaptein Aksel Berget Skjølsvik seier at Furebotn har vore med på å snu den dårlege trenden Sandnes Ulf var inne i.

Og i dei to siste kampane har Furebotn verkeleg blitt lagt merke til. Han sette inn eitt av måla i heimesigeren mot Strømsgodset. Mot Aalesund borte hadde han ein målgjevande pasning med hælen, og han sette inn eit flott mål sjølv.

Ny rolle gav susen

Sjølv er årdølen meir oppteken av å få fram at heile laget har teke tak og heva seg etter 1-6 mot Brann. Men han har fått ei ny rolle i laget og meiner det har hatt mykje å seie.

– Eg spelte mykje på kanten før ferien, og der fann eg meg ikkje heilt til rette. No spelar eg offensiv midtbane, og eg trivst veldig godt med det så langt.

– Får du tilbakemeldingar frå trenar Asle Andersen på at du gjer det godt?

– Ja, men heile laget har vore bra dei siste kampane, og då er det lett og moro å spele fotball. No har vi fått inn ein god sjølvtillit i laget. Greier vi å byggje vidare på dei tre siste kampane, så kan det bli moro utover hausten.

Henrik Furebotn gjekk til Sandnes Ulf før denne sesongen etter fleire år i Sogndal. I første delen av sesongen måtte han sjå at det nye laget hans kava heilt i botnen, medan Sogndal greidde seg betre.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hamdallah

AVGJERANDE MOT AALESUND: Henrik Furebotn hadde eitt mål og ein målgjevande pasning i 3-2-sigeren mot Aalesund.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Henta inn seks poeng på Sogndal

No er laget frå Sandnes i ferd med å innhente Sogndal. På dei tre siste kampane har Sogndal berre karra til seg tre poeng, medan hans eige lag har innkassert ni. Dermed er avstanden i Sogndal sitt favør skrumpa inn frå 10 til fire poeng.

Men årdølen med mange gode år i Sogndal trur gamlelaget vil vere på trygg grunn når serien blir avslutta seinhaustes. Det same trur han om sitt nye lag.

Trivst godt i Sandnes

Og livet smiler til årdølen både på og utanfor bana. Han har funne seg godt til rette i Sandnes.

– Eg har fått meg leilegheit midt i Sandnes sentrum, eg har fått mange nye kompisar, og det er mange gamle kompisar som bur her og, så alt er bra så langt.

Henrik Furebotn var på U19-landslaget i si tid, men spørsmålet om han har landslagsambisjonar no ler han av.

– Eg trur ikkje eg er i nærleiken av noko A-landslag. Det er nok bruk for kreative midtbanespelarar på landslaget, men eg trur ikkje det er meg dei ser etter.