Hopp til innhold

Ei eldre kvinne vart etterlyst etter at ho forsvann frå institusjon

Ei eldre kvinne vart meldt sakna frå Skei omsorgssenter i morgontimane. Etter ein time på eigahand vart kvinna funnen.

Skei

Kvinna vart meldt sakna frå Skei omsorgssenter i Jølster rundt klokka 0815. Då var siste observasjon gjort av kvinna i 0725-tida i dag.

Det vart slått raskt alarm ettersom kvinna var lettkledd. Politiet var i ferd med å etablere ei gruppe frå Røde Kors, då dei fekk melding om at kvinna var funnen.