Årsaka er sviktande sal, spesielt til den største kunden Audi. Fundo Wheels har i dag over 300 tilsette. Nedskjeringane skjer frå og med 20. juni i år, opplyser administrerande direktør Arvid Ullebø.
- Hovudårsaka ligg i ein kraftig reduksjon på eitt av dei hjula vi produserer for Audi. Vi produserte i fjor 320.000 slike hjul, i år blir det redusert til 80.000 - 90.000 hjul, seier Ullebø.
Audi framleis hovudkunden
Fundo har ikkje klart å kompensere svikten med andre leverandørar. Ullebø seier at Audi framleis skal vere hovudkunden.
- Vi er einige med Audi om at den svikten vi har hatt no, skal byggast opp att til det nivået vi har hatt tidlegare. Så vi er ikkje ein dårleg leverandør for Audi. Det er ei felles forståing for at produksjonen skal opp att, men vi klarer det ikkje på kort sikt, seier Ullebø.