NRK Meny
Normal

Fundo har produsert sin siste felg

I 22-tida onsdag kveld vart den siste felgen produsert ved Fundo Wheels i Høyanger.

Stempelet til dei siste felgane frå Fundo.

Stempelet til dei siste felgane frå Fundo.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Når felgen er lakka og tørka, er det berre administrativt arbeid, avfallshandtering og utsending av nokre tusen felgar som står att, før dørene stengjer for godt ved Fundo Wheels i Høyanger.

- Støyperiet er allereie stogga og avslutta og renseriet er i ferd med å tømmast. Men det er framleis ein del felgar som skal lakkerast og det reknar vi med er gjort i løpet av morgondagen, seier hovudtillitsvald Erik Flæthe ved konkursråka felgfabrikken.

- Letta og trist

At dei tilsette får nokre vemodige siste timar på jobb, er det liten tvil om. Det aller siste skiftet går på klokka 14 i dag. Når skiftet er over, står fleire hundre arbeidarar utan arbeid. Flæthe er både letta og trist over at hjørnesteinsverksemda no lukker dørene . Dei har vore gjennom mange oppturar og nedturar dei siste månadane.

HØYR: Tilsette førebur stenging av Fundo

- Det er tragedien i dette. På den andre sida, så har dei tilsette fått ein beskjed som dei kan halde seg til. Det er ei lette, seier han.

Dei siste felgane frå Fundo.

Dei siste felgane som vart produsert ved Fundo Wheels i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fekk utfordringa i fanget

I løpet av ettermiddagen tek NAV til på arbeidet med å registrere arbeidarane som mistar jobben. Ti prosent av innbyggjarane i industribygda Høyanger står no utan jobb. Konkursen påverkar også eit stort tal andre verksemder i distriktet .

HØYR: NAV får utfordring i fanget

- Vi har fått tilførd ekstra ressursar og fylkesleddet i NAV er med. Vi vil halde fokus på å orientere dei tilsette og registrere dei, seier leiar i NAV Høyanger, Ann Kristin Nygård.

Siste Fundo-felg.

Den aller siste felgen som vart produsert ved Fundo Wheels i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Borna er prega

Konkursen råkar heile lokalsamfunnet i Høyanger. Også på borna ved Høyanger barneskule ber preg av at det no er mange foreldre som står utan arbeid.

HØYR: Konkursen påverkar skuleborna

- Vi merkar jo at elevane tenker mykje på det. Vi har elevar der både far og mor misser jobben. Då blir det dramatisk, seier rektor Solveig Berstad Sande.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.