Hopp til innhold

Fundo-gjeld på 200 millionar

Den samla gjelda etter Fundo-konkursen kjem truleg på over 200 millionar kroner.

Fundo Wheels i Høyanger.

Felgfabrikken Fundo Wheels i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Samstundes er dei frie midlane i buet etter Fundo Wheels berre nok til å dekke utgiftene med konkursen, kjem det fram av bustyrarens innberetning til Fjordane tingrett.

Felgproduksjonen stogga før helga opp etter at verksemda gjekk konkurs i midten av januar. Det lukkast ikkje bustyret å finne nye eigarar. Konkursen vil venteleg gje store ringverknadar for lokalsamfunnet .

I dag kjem også kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til bygda. Kleppa har bede om eit orienteringsmøte i samband konkursen.

Ordførar Longva seier at han ikkje vil be om ekstra løyvingar frå staten. Han vil vente til møtet med tre departement før han ber om ekstraordinære skjønnsmidlar.