Hopp til innhold

Fullt hus på krisesenteret

Fem kvinner og tre born feira julafta på krisesenteret.

Les og: Mange treng krisehjelp på dagtid

- Vi hadde fullt belegg frå i går til i dag, og det har vi for så vidt hatt ei stund. Det er ofte slik at ein del kjem før jul og så kjem det ein del i løpet av romjula. Det skjer ikkje så ofte at det kjem kvinner til oss på sjølve julaftan. Mange held ut til ut i romjula for ungane sin del, seier dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland.

Avviser ingen

Det var fem kvinner og tre born som feira julaftan på krisesenteret i Florø dette året.

- Det betyr at vi har fullt hus, men vi avviser ingen. Kjem det fleire så ryddar vi plass til dei utan problem, seier Hovland.

Aktivt år

Krisesenteret er i ferd med å avslutte eit svært aktivt år. Statistikken deira er ikkje klar før i januar, men allereie no kan Hovland slå fast at dei har hatt kvinner på overnatting kvar natt i heile 2008.

- I tillegg har vi hatt ein voldsom vekst i talet på dagbrukarar , seier ho.
Ho seier dei som måtte feire jula på krisesenteret fekk ein fin og fredeleg kveld.

Ro og fred i huset

- Dei hadde ei fin, tradisjonell julefeiring med pinnekjøt, kålrabistappe og pakker til ungane. Teina Barnehage på Breim kom med to store kartongar med julepakker og det vart sett stor pris på av ungane som var hjå oss. Det er fint å kunne by på noko ekstra for dei som er i ein vanskeleg situasjon. Det var god stemning med fred og ro på huset, seier Hovland.