Hopp til innhold

Bygda samla i sorg etter dødsulukke

Kjølsdalen kyrkje var fullsett under minnestunda etter Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57) som omkom i ei trafikkulukka ved Kjølsdalen i Eid torsdag kveld.

Kjølsdalen kyrkje

SORG: Kjølsdalen Kyrkje

Foto: Øystein Torheim

– Alle fekk vere med å tenne lys for dei to. Folk fekk kome saman og uttrykke medkjensle, seier, prost Rolf Schanke Eikum.

Tende lys og blomar vitnar fredag om den tragiske ulukka på gangvegen langs riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid. Ved kyrkja heng flagget på halv stong, og den vesle bygda er i dag prega av sorg over dei to som er borte.

– Vi må stå saman i saknet og sorga etter den ufatteleg tragedien som har skjedd. Det er Kjølsdalssamfunnet gode på slik eg kjenner dei. Her stiller ein opp for kvarandre både i sorg og glede, seier Eikum.

Kjølsdalen kyrkje

SAMLA I SORG: Mange møtte fram for å syne medkjensle og finne fellesskap i sorga.

Foto: ØYSTEIN TORHEIM

Ein mann i 50-åra er sikta for aktlaust bildrap etter at bilen hans køyrde av vegen og trefte dei to veninnene som gjekk kveldstur. Under minnestunda orienterte regionlensmann Tormod Hvattum om stoda for etterforskinga. Prost Rolf Schanke Eikum ynskte å tenne eit lys midt i det tunge og mørke etter ulukka i romjula.

Prost Rolf Schanke Eikum

MINNESTUND: Prost Rolf Schanke Eikum

Foto: Øystein Torheim

– Det kan nok kjennast ekstra tungt i jula, men jul er samstundes ei høgtid der ein er samla, og det kan det også vere styrke i, seier Eikum.

Familiane til dei to omkomne har også fått hjelp frå kriseteamet til kommunen.

– Det vil alltid vere eit langt lerret å bleike for dei som opplever brå sorg og død. Som prest prøver eg å vere nær som medmenneske og vise at vi som kyrkje også har med oss eit håp midt i mørket. Midt oppe i det heile så kan jula fortelje oss at vi aldri er åleine, seier Eikum