Hopp til innhold

Volda har fullførd snuoperasjonen

Politikarane i Volda har gått frå å støtte ein E39 i indre i 2012, til å støtte ein E39-trasé om Eid og Stigedalen. – Eg er forundra, vedgår ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Ordfører Arild Iversen i Volda

ORDFØRAR: Arild Iversen har stila brev til Samferdsledepartementet der dei ber om at E39 blir lagt i midtre trasé gjennom Nordfjord.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Snuoperasjonen vart fullført under torsdagens kommunestyre, med 23 mot fire røyster for E39 om Anda – Lote. Stikk i strid med fylkestingsvedtaket til Møre og Romsdal.

I mellomtida sendte politikarane i fjor eit skriv til departementet der dei såg både Kvivsvegen og Stigedalen som tenlege.

– Dette alternativet er dokumentert å gje størst samfunnsnytte ved at det skapar ein ny og meir robust region, med tydeleg utviding av bu- og arbeidsmarknaden, skriv ordførar Arild Iversen (KrF) til Samferdsledepartementet.

Styrkar regionen

Kommunen har altså gått frå å vere pro indre trasé, til ende opp med same synspunkt som både Eid og Gloppen. Bakgrunnen er nye opplysningar som kom fram under E39-konferansen på Nordfjordeid i januar.

Ny teknologi viser at flytebruløysingar kan kutte prisen for bruer over Nordfjorden og Voldafjorden med samla 2,9 milliardar kroner . Held reknestykka mål kan prisskilnaden mellom indre og midtre alternativ krympe monaleg.

I tillegg kjem innsparinga av å kutte stamvegferjesambanda Anda – Lote og Folkestad – Volda.

– Dette alternativet vil gje innbyggjarane i heile Nordfjordregionen større tryggleik for liv og helse grunna kortare veg til akutt- og fødetilbod ved Volda sjukehus, skriv Iversen.

Forundra Flo

Sven Flo

FORUNDRA: Sven Flo (H) tykkjer snuoperasjonen til Volda er oppsiktsvekkjande.

Foto: Noralv Pedersen

– Eg konstaterer at Volda i si høyringsrunde har vore opptekne av det indre og koplinga til Kviven. At dei har snudd no, ser eg ikkje kan innverke nemneverdig på avgjerdsprosessane. Eg er forundra og det vekkjer ein viss oppsikt, men det får stå for Volda si rekning, seier ordførar Sven Flo (H) i Stryn, og ikkje ynskjer å kommentere snuoperasjonen særskilt.

– Ein kan spekulere mykje rundt kvifor dei har snudd. No har dei fått Kvivsvegen, og dei ser gjerne sitt snitt for å få ein ny trasé til Volda, legg han til.

– Meir realistisk no

– Stryn kjenner seg nok svikta, og det kan eg forstå. Men vi ynskjer berre å få ein solid region, seier varaordførar Dan Helge Bjørneset (H) i Volda. Han var sjølv blant dei som røysta for midtre trasé.

– Så har du andre ting som skjer samstundes, som samanslåingar og sentraliseringar, og skal ein overleve på sikt, så må ein byggje regionar og styrkje tenestene til innbyggjarane. Det er dei det er snakk om, held han fram.

Han meiner vedtaket er eit resultat av at politikarane i Volda no ser E39 i midtre som meir realistisk enn då dei med 24 mot 3 røyster gjekk inn for indre for to år sidan.

Kunne stått fast

– Dei fleste var klare på at ein ikkje skubbar vekk Kvivsvegen, som vi har vore med å jobba fram. Men det er ei rivande utvikling på samferdslesektoren og det kan ikkje vere slik at vi skal sitje å tvihalde på eit vedtak og ikkje ta nye signal, seier Bjørneset.

Det andre alternativet politikarane hadde torsdag, var å stå fast på vedtaket frå i fjor: å likestille Kvivsvegen og Stigedalen og la regjeringa ta valet.

– Vi kunne sett oss bakpå for å sjå kva som skjer rundt oss, men vi ynskte som sagt å vere meir offensive og spisse det litt, seier Bjørneset.

– Gir eit signal

– Kva betydning har det at Volda fatta dette vedtaket?

– Vi gir eit signal på korleis vi ser på saka, men samstundes er det mange partar som gir signal og det er mange reknestykke og avgjerder som skal takast. Til sjuande og sist er det Samferdsledepartementet som avgjer.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen antyda under besøket i Nordfjord og på Sunnmøre at eit vedtak vil komme før april.