Hopp til innhold

Fulle vassmagasin fører til stabile straumprisar i vinter

FØRDE (NRK): I år kan haustregnet bidra til at straumrekninga held seg stabil gjennom dei kalde månadane, trass vinter og auka straumforbruk.

Pål Sandal i Sunnfjord Energi

SVAK VEKST: I Sunnfjord Energi forventar dei ein svak vekst i straumprisane gjennom vinteren, seier Pål Sandal.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Våre prognosar syner at vi vil ha ein svak stigning i straumprisane utover vinteren, seier fungerande marknadssjef Pål Sandal i Sunnfjord Energi.

Han forklarer at dei prognosane ser ganske like ut rundt om i landet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fører ein fortløpande oversikt over kor mykje vatn det er i magasina til kraftprodusentane. Oversikta deira syner at det er mykje vatn over heile landet.

– På vest-, sør, og Austlandet er det meir vatn i magasina enn det som er vanleg, seier regionsjef i NVE Brigt Samdal.

Brigt Samdal i NVE

FULLE MAGASIN: Brigt Samdal i NVE seier at vassmagasina byrjar å bli fulle.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Når det er mykje vatn i magasina kan ein produsere meir straum, og det går prisane normalt ned.

Ventar ei lita auke

Sjølv om det er mykje vatn i elvar og fossar, er det altså no forventa at straumprisane vil gå litt opp.

– Kor mykje regn som kjem har mykje å seie, men det er også andre ting som spelar inn. Når det no blir vinter går forbruket opp, og det pressar prisane opp, seier Sandal i Sunnfjord Energi.

Brulandsfossen

MYKJE VATN: Det er mykje vatn i elvar over heile landet om dagen. Dette er frå Brulandsfossen i Førde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein kan altså seie at dei store vassmengdene dempar den prisauken som elles hadde kome. Når vassmagasina no er nesten fulle, trur NVE at vi nærmar oss toppen.

– No byrjar det å bli så kaldt at nedbøren som kjem framover etter kvart kjem som snø. Også den nedbøren kan ein produsere kraft med, men ikkje før snøen smeltar til våren, seier Samdal.

Les også: Difor kan straumprisen bli låg i åra som kjem

Brulandsfossen

STORT TRYKK: Det er større trykk enn vanleg i Brulandsfossen i Førde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Mykje nedbør i oktober

Det har vore ein våt haust, og det er særleg i oktober at det har kome meir regn enn vanleg.

– Når vi no i stadig større grad er kopla til det europeiske straumnettet, blir svingingane mindre enn før. Likevel har ver og vind framleis ein del å seie, seier Sandal.