Hopp til innhold

Fulle mindreårige i Førde

Politiet måtte gjentekne gongar vise vekk fleire ungdommar som ikkje er russ frå russen sitt arrangement på Festplassen i Førde i natt. Mange av dei var mindreårige og rusa. Ein 17-åring vert meldt til politiet for urinering på offentleg stad. Dette skjedde også på Festplassen. Natteramnane fann ei sterkt rusa jente på 16-år som hadde planer om å sove ute. Ho vart frakta i hus. Ein mann i 30-åra måtte også få hjelp til å komme seg heim fordi han var ute av stand til å ta hand om seg sjølv.