Hopp til innhold

Full vinter på Sognefjellet - Bilar har stått fast i fleire timar

Politi og redningsmannskap har berga ut 39 personar som måndag ettermiddag har site innesnødde på Sognefjellet.

Bilete frå Sognefjellshytta mot skiløypa

FULL SNØSTORM: Fleire bilar står fast på Sognefjellet.

Foto: Webkamera / Sognefjellshytta

– No er det eit forrykande vêr. Vi er fleire bilar som står her. Bilen som står framom oss står berre 40 centimeter frå oss, men vi ser den berre av og til seier Arne Inge Synnevåg.

Saman med to andre er han på veg til Gudbrandsdalen der han skulle vore på jobb klokka 18 i dag.

– Vi har stått her sidan klokka 13 i dag, og byrjar å bli ganske leie.

Berga ut 39 personar

Ved Vegmeldingssentralen i Hordaland fortel Lise Kristoffersen at det no blir jobba intenst med å få berga dei 10 bilane som står fast.

Sognefjellshytta 1. juni 2015

SOGNEFJELLSHYTTA: Webkamera ved Sognefjellshytta syner ikkje kor dårleg vêrtilhøva er lenger opp på fjellet.

Foto: Webkamera / Sognefjellshytta

– Politiet, entreprenør brøytebil er på veg, det er førebels uvisst kor lang tid det vil ta å få berga bilane seier Kristoffersen.

Politiet melder klokka 1845 at rednings- og brøytemannskap har berga ut 39 personar og 17 bilar frå Sognefjellet.

– Nokre har køyrd til Turtagrø, nokon til Sognefjellshytta, og eit par bilar er sendt austover, opplyser politiet. Ein time seinare opplyser dei at to bilar står att på fjellet, og er i ferd med å bli gravd ut.

– Vegvesenet sender bil over fjellet for å sjå at ingen står att. Ingen mobil- eller sambandsdekning med brøytemannskap gjer at vi også sender to scooterar frå Røde Kors inn langs Tindevegen, skriv dei på Twitter.

I 2030-tida melder politiet at Statens vegvesen har vore igjennom Sognefjellet og at alle personar er ute.

– Det står att to tome bilar, som ikkje blir berga i dag grunne vêret, melder politiet.

Fleire evakuerte

Klokka 18 opplyser politiet på Twitter at politi og Røde Kors har starta å berge ut folk med trakkemaskin og snøskuterar.

Laster Twitter-innhold

– Vi har fått melding om at fire bilar skal vere evakuerte og folka skal vere innlosjerte på Sognefjellshytta, opplyser vaktoperatør Ove Amundsen ved Vegtrafikksentralen i Hordaland.

Snøen når langt opp på bildøra

Då Synnevåg og kollegaene kom opp på fjellet hadde snøen framleis ikkje lagt seg skikkeleg i vegen.

– No står snøen langt opp på bildøra, og vi har ein firehjulstrekkar med heilårsdekk. Det står ein del utlendingar her som har meir eller mindre panikk.

– Har de prøvd å snu, og køyre ned igjen?

– Vi prøvde her tidlegare med ein bubil då vi kom, men dei hadde sommardekk så det gjekk ikkje så bra, seier Synnevåg.

Her kan du finne oppdaterte vegmeldingar.

Halv tank med diesel

Synnevåg og kollegaene tok sjansen på Sognefjellet etter å høyrt vegmeldingane i dag tidleg. Då vart det opplyst at vegen var open, men at det var snøslaps.

– Men då vi kom opp på fjellet så var det rimeleg heftig vêr.

– Er det ustyrte for å klare dykk om det blir ståande ei stund?

– Vi sit iein god og varm bil og har ein halv tank med diesel, men det blir nok kjedeleg å bli sittande alt for lenge utan mat.

Klokka 18:05 opplyser politiet at ein bil har køyrt seg fast mellom Turtagrø og Øvre Årdal.

Laster Twitter-innhold