Hopp til innhold

Full vegbredde på Olden-Innvik - vedteke med knappast mogleg margin

LEIKANGER (NRK): Fylkestinget går inn for at fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik skal få 7,5 meters breidde.

Fylkestinget stemmer over Olden-Innvik
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Med ei stemmes overvekt gjekk fylkestinget inn for å ruste opp siste biten av fylkesveg 60 Olden-Innvik med beste standard, altså 7,5 meters vegbreidde.

– Dette er eit endeleg punktum for ferdigstilling av Olden-Innvik. No får vi endeleg ei ferdigstilling av vegen og det er eg veldig glad for, seier Arnstein Menes (Sp).

Fylkestinget diskuterte heftig kva standard den siste vegbiten skal ha. Om den skulle vere 7,5 meter brei eller om det var nok med 6,5. Også tunnelen var det diskusjon om. Til slutt landa fleirtalet ned på det dyraste alternativet.

– Har de råd til det?

– Det som låg til grunn då vi gjorde vedtaket vårt i desember, der eit samla fylkesting ville ruste opp vegen, er det som i hovudsak ligg til grunn i dag, seier Menes.

Har redusert på gang- og sykkelveg

Han legg til at politikarane har gjort nokre grep for å ta ned kostnadane noko.

– Vi har mellom anna redusert berelag, og gang- og sykkelveg, seier Menes.

Vedtaket vart gjort med ei stemmes overvekt, dermed delte fylkestinget seg på midten i avgjerda.

– 20 røyster i fylkestinget er eit fleirtal, og vedtaket var at vi skulle fullføre strekninga, seier Menes.

Fryktar konsekvensane

Senterpartiet delte seg i vedtaket, og Jenny Følling klarte ikkje å få fleirtal for sitt syn. Ho åtvara mot å vedta alternativet med breiare veg på den siste biten av Olden-Innvik.

– Vi må akseptere at det er ulike meiningar i ei gruppe. For meg var det utslagsgjevande at vi ikkje kunne vedta ein høgare standard på Olden-Innvik enn det vi har på dei andre fylkesvegane, seier Følling.

Ho peikar på at fylkespolitikarane går inn i svært tøffe forhandlingar i juni for å få økonomien i hop.

– Det var ein fordel å ta resterande inn i den debatten. Vi må leve med det som er vedteke no. Nokon vert glade, men det vert tøffe prioriteringar i juni, seier Følling.

Løysinga som er valt, er den dyraste ein kan ha på denne strekninga. Samtidig veit fylkespolitikarane at dei også har andre oppgåver.

– Det må komme innsparingar viss ein ikkje får auka tapskompensasjon, iallfall meir enn det som ligg der no, seier Følling.

Er redd for spørsmål frå Stortinget

Ho legg til at det ikkje er kostnadane som gjer ho mest uroa.

– Det er at vi har vedteke ein standard som gjer at Stortinget kanskje kjem til å stille spørsmål ved kor god råd vi har. At vi vedtek ein standard som er høgare enn det staten sjølv hadde bygd på denne type veg, seier Følling.

Ho håpar at vedtaket i dag ikkje øydelegg for sjansen som KrF og Venstre jobbar for, nemleg å få auka tapskompensasjon.

– Då snakkar vi om pengar til å drive skulane våre, drifte rutenettet vårt og likande, seier Følling.

Meiner dei ikkje har råd

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) var lite nøgd med korleis vedtaket enda ut.

– Det er aldri kjekt med vedtak som er slik på vippen. Det er kjekkare når ein har breie, samla vedtak av denne typen. Men slik er det, seier Kjelsnes.

– Har vi råd til det?

– Nei, med den økonomien som vi har, så har vi dessverre ikkje det, seier Kjelsnes.

Ho peikar også på dei klare signala frå departementet.

– Dei såg på dette som ein relativt lite trafikkert tilførselsveg til E39, og har sagt at dei skal køyre hardt på å byggje bruer og tunnelar under eitt. I den økonomien regjeringa har sett oss i, så har vi ikkje råd, seier Kjelsnes.

Ho peikar på at det vert følgt nøye med på kva Sogn og Fjordane brukar pengar på.

– Og eg er uroa over at dette kan bli teke som eit teikn på at økonomien vår er ganske solid likevel, seier Kjelsnes.

Kan vere i gang til hausten

Avdelingsdirektør i Vegvesenet, Nils Magne Slinde, seier Vegvesenet no startar jobben med å få ting på plass slik at det er klart til bygging om vel eit halvt år.

– Vedtaket betyr at vi går i gang med grunnerverv og gjer siste finpuss på anbodsgrunnlaget og sender det ut så raskt som råd, seier Slinde.

Han legg til at sidan vedtaket i dag vart ganske likt det som låg i korta etter fylkestingsvedtaket i desember.

– Dermed er det endå mindre endringar som må til enn det hadde vore dersom ein hadde landa på eit anna vedtak, seier Slinde.

Han trur ein kan vere i gang utpå hausten dersom grunnervervet går greitt.